Vest-Telemark vidaregåande skule fekk gode karakterar då dei blei kåra til landets femte beste skule. Det same fekk elevane ved skulen i vår. Heile 302 seksarar vart fordela i karakterbøkene, rekna rektor Tove Palmork Haavelmoen.
Vest-Telemark vidaregåande skule fekk gode karakterar då dei blei kåra til landets femte beste skule. Det same fekk elevane ved skulen i vår. Heile 302 seksarar vart fordela i karakterbøkene, rekna rektor Tove Palmork Haavelmoen.

Mange toppkarakterar i vidaregåande

Heile 302 seksarar blei det skrive i karakterbøkene til elevane ved Vest-Telemark vidaregåande skule i vår. Det vil seie at elleve prosent av karaktertotalen er toppkarakterar, og det gjeld alle liner.

Etter å ha blitt kåra til landets femte beste vidaregåande skule tidlegare i år har det hagla inn med helsingar og gratulasjonar til den vidaregåande skulen i Vest-Telemark. Og det gode arbeidet held tydelegvis fram, for i vår kunne svært mange elevar godte seg over gode karakterar.

– Det er sjølvsagt ikkje berre elevane som tykkjer det er stas at dei får gode karakterar – for det gjer me også, smiler rektor Tove Palmork Haavelmoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

68 prosent med fire eller betre

Ho fortel at dei i vår sette 2 735 karakterar i alt. Det er medrekna terminkarakterar, standpunktkarakterar og eksamenskarakterar. Og av alle desse karakterane er altså elleve prosent toppkarakterar.

– Det er flott, og elles er 28 prosent femmarar og 29 prosent firarar. Og det er verdt å merke seg at fire faktisk er ein god karakter. Eg synest det er formidable resultat blant elevane, og det som er ekstra flott er at det gjeld alle liner, forklarer rektoren.

Akkurat det siste – gode karakterar på alle program -– gler rektoren seg ekstra over.

– Det viser at me gjer mykje rett, og det forklarer også at lærlingar som kjem ut frå skulen vår er særs etterspurde, seier ho.

Fekk fullt hus

– Kva med enkeltelevar?

– Eg er forsiktig med å trekkje fram enkelte, i alle fall sidan dei sjølve ikkje vil stå fram. Men utan å namngje nokon kan eg avsløre at me har elevar som berre fekk seksarar i karakterboka si i vår. Ein elev fekk 20 seksarar av 20 moglege, medan ein annan fekk 19 av 19. Det er nesten ikkje ein einaste elev som ikkje har ein eller fleire toppkarakterar, svarar ho.

– Kva er det som gjer dykk så gode?

– Det er nok eit sampel mellom fleire ting. Skulen har ei umåteleg godt samarbeid med heimane. Me er opptekne av å vere tett på elevane og me ser og bryr oss om kvar einaste elev på skulen. I tillegg har me eit godt samarbeid med kommune, næringsliv og lokalmiljøet rundt oss. Eg vil seie me gjer kvarandre gode, og sjølvsagt har me dyktige og kvalifiserte lærarkrefter, smiler Haavelmoen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elektrolina startar til hausten

Det har vore mykje att og fram den siste tida med tanke på om det blir elektroline på Dalen til hausten. Torsdag kom den endelege beskjeden om at lina startar opp i august, takka vere NAV som gjekk inn og finansierte tre plassar på lina.

– Det er me veldig glade for. For elevane og skulen er det viktig å ha føreseielege tilbod, og no kan me i alle fall slappe litt av med tanke på elektrolina, som næringslivet også er opptekne av å bevare, forklarer rektoren.