OL blei ingen opptur for Magnus Krog. No håpar han å få til ein god avslutning på ein sesong prega av sjukdom og motgang. Men fyrst må han få att hoppskia sine.
OL blei ingen opptur for Magnus Krog. No håpar han å få til ein god avslutning på ein sesong prega av sjukdom og motgang. Men fyrst må han få att hoppskia sine.

Krog håpar på opptur mot slutten av sesongen – men fyrst må han få att hoppskia

I staden for å finne tilbake til hoppforma, måtte Magnus Krog bruke denne veka til å spore opp hoppskia etter OL i Sør-Korea.

– Alt har kome – bortsett frå hoppskia.

Magnus Krog har vore frustrert denne veka. I går reiste kombinertlandslaget til verdscuprenn i Lahti i Finland, men då VTB snakka med høysekken onsdag venta han framleis på den siste, men relativt viktige delen av bagasjen frå Sør-Korea. Dei andre utøvarane på landslaget hadde fått sine ski. Krog blei fyrst lova at dei skulle kome måndag, så tysdag, men onsdag var dei framleis ikkje i hus i Trondheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ingen veit kvar dei er. Dette er ikkje optimalt, seier Krog utolmodig.

Det er ikkje berre å låne utstyr. Han har to sett med ski, men bindingane er ulike frå utøvar til utøvar, og 30-åringen frå Høydalsmo såg ikkje bort frå at han måtte hoppe i Lahti med lånt utstyr då VTB snakka med han.

– Då får eg berre stole på at det fungerer og er mest mogleg likt det eg er vand med. Me har berre to hopp før det er kvalifisering, seier han.

Lukkast ikkje i OL-bakken

Han har kome seg raskt inn att i norsk døgnrytme etter nokre veker i Sør-Korea. OL blei ikkje det han hadde sett for seg då han blei tatt ut i siste liten då Magnus Moan trekte seg frå meisterskapen. Krog presterte bra i hoppbakken på samling i Oslo før avreise og fekk signal om at han stilte på lik line med dei andre fire som var tatt ut. Men vesttelen blei aldri komfortabel i bakken i OL-byen Pyeongchang. Han var heile tida dårlegast av dei fem norske utøvarane, og innsåg at det ikkje blei noko reprise på OL-festen i Sotchi for fire år sidan der han reiste heim med både gull på lagkonkurransen og bronse individuelt.

– Det var sjølvsagt keisamt. Eg skulle gjerne ha vore med. Eg førebudde meg heile tida til at eg skulle konkurrere og var ingen turist i OL. Men etter den siste offisielle treninga innsåg eg at det ikkje blei noko OL-konkurranse, oppsummerer Krog.

Han var likevel opptatt av å ikkje vera nokon «festbrems» og støtta lagkameratane som ikkje heilt klarte å fylgje opp den gode sesongstarten. Det blei ingen individuelle medaljar, men sølvet på lagkonkurransen redda stemninga i troppen.

– Me hadde før meisterskapen mål om å kjempe om medalje i kvar øving og vera med i kampen om gullet i lagkonkurransen. Det var ingen kjempefornøgd gjeng som reiste heimatt, men det er viktig at ein ikkje mistar respekten for olympiske medaljar. Det å ta sølv i OL er veldig bra, seier Krog.

– Var dette ditt siste OL?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein skal aldri seie aldri, men eg kjenner meir og meir på saknet etter familien når eg er borte. Dei ofrar mykje for at eg skal satse, seier Krog som har sambuar og ein son heime i Trondheim.

Men VM i Seefeld neste år skal han ha med seg.

Finland, Noreg og Tyskland

Før den tid skal sesongen avsluttast. I helga er det som nemnd renn i Lahti, i ein bakke han fekk prøve i VM i fjor.

– Eg fann ut av bakken mot slutten av meisterskapen og må prøve å finne tilbake den kjensla og korleis eg løyste det då, seier han.

Neste helg er det Holmenkollen, deretter ventar konkurransar på heimebane i Trondheim tysdag og onsdag, før to helger i Tyskland (Klingenthal 17. og 18. mars og Schonach 24. og 25. mars) avsluttar sesongen.

– Eg håpar å levere no. Sesongen så langt har vore ræva, innrømmer han.

– Eg er usikker på nivået, og skulle gjerne ha testa hoppforma før avreisa til Finland, legg han til.