Marius Ullestad Andersen (6 år t.v.), Eivind Simonsen (5 år) og Torjus Tveiten Golid (5 år) var supertøffe som superheltar på HalloVenn.
Marius Ullestad Andersen (6 år t.v.), Eivind Simonsen (5 år) og Torjus Tveiten Golid (5 år) var supertøffe som superheltar på HalloVenn.

Høg prinsessefaktor og kraftige karar

Ei mengde rosa prinsesser og tøffe superheltar i små format strøymde til Granvin kulturhus torsdag.

Mjuk:Karsten Nieuwenhuize (10 år) viste at superheltar kan vera svært tøyelege og gode i limbo.

Løvinne:Nora Salome Fosse på 4 år var ikkje redd for å hoppe i hinderløypa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fe:Truleg den yngste deltakaren med kostyme denne kvelden, Maja Noraberg på 6 månadar, var veldig glad i tryllestaven sin.

Grunnen var den alternative feiringa av Halloween, HalloVenn, som for tredje år på rad fekk små og litt større barn til å kle på seg dei flottaste kostyma og strøyme til kulturhuset for ein kveld med leik, moro og ikkje minst mykje søtsaker.

210 deltok barn på festen, og saman med foreldre hadde 300 samla seg i den store gymsalen. Der kunne dei små gå gjennom forskjellige stasjonar som spikking, limbo, hoppeslott, hinderløype og sjølvsagt ein skummel spøkelsesgang. Så fekk dei små eit kryss, som etter kvart kunne bytast inn i godteri. Masse godteri.

Karsten Nieuwenhuize (10 år) viste at superheltar kan vera svært tøyelege og gode i limbo.
Karsten Nieuwenhuize (10 år) viste at superheltar kan vera svært tøyelege og gode i limbo.
Nora Salome Fosse på 4 år var ikkje redd for å hoppe i hinderløypa.
Nora Salome Fosse på 4 år var ikkje redd for å hoppe i hinderløypa.
Truleg den yngste deltakaren med kostyme denne kvelden, Maja Noraberg på 6 månadar, var veldig glad i tryllestaven sin.
Truleg den yngste deltakaren med kostyme denne kvelden, Maja Noraberg på 6 månadar, var veldig glad i tryllestaven sin.

Dagleg leiar ved Granvin Kulturhus, Anne Aasmundtveit, hadde ein travel kveld, men er stornøgd med arrangementet.

– Me var nok endå betre organisert i år, mykje på grunn av at me bruka Facebook og foreldre som meldte seg som frivillige. Me fekk også hjelp frå ungdommar frå mellom anna Seljord folkehøgskule. Me er veldig fornøgde, men det viktigaste er at ungane er fornøgde, og dei tilbakemeldingane me har fått er veldig positive. Me satsar på å få til HalloVenn neste år også, seier Aasmundtveit.