Fjellkveld i Seljord

Seljord Sogelag har «fjellkveld» torsdag 31. oktober på Frivilligsentralen (gamle Telebygget). Tor Nicolaysen kåserer om historie, segn og «forbandet Digt» – om korleis Asbjørnsens og Ibsens fjellvandringar fann vegen til ein plass i verdslitteraturen.

Mange har sikkert møtt Tor Nicolaysen på Kalhovd turisthytte. Han driv nå Rjukan Fjellstue, og er ein kjent og fengslande formidlar av kulturhistoria i fjellet, om Claus Helberg og fjellets diktarar. Han har vore sentral ved 50-og 60 årsmarkeringane av Tungtvannsabotasjen. I DNT spelar han ei viktig rolle, og har mykje av æra for at Claus Helberg nå står på sokkel ved Krokan (den fyrste hytta til DNT). I 2012 blei han tildelt Claus Helbergs minnepris av Krokans venner.

Artikkelen held fram under annonsen.

Elles blir det diktlesing av Jon Ingebretsen og song og musikk av Hans Olav Slettebø. Og sjølvsagt ei god kaffipause med tid til ein prat. Det blir òg eit lite boksal.