Mange hadde møtt fram til opninga av garasjen i Nordbø skileikeanlegg. Leiar i Nissedal IL, John Thronsen, ynskte velkomen.
Mange hadde møtt fram til opninga av garasjen i Nordbø skileikeanlegg. Leiar i Nissedal IL, John Thronsen, ynskte velkomen.

Enorm gjevarglede

Den utflytta nissedølen Ånund Olsen rakk ikkje å vere med då idrettslaget i Nissedal for eit par år sidan samla inn pengar til å kjøpe trakkemaskin. Derfor finansierte han likegodt ein garasje til maskina, kostnadsrekna til 100.000 kroner. Laurdag fekk Olsen æra av å klyppe snora då garasjen i Nordbø skileikeanlegg blei offisielt opna.

I 2008 sendte Jon Aarak ut ei rekkje søknader om støtte til å kjøpe inn trakkemaskin til Nissedal idrettslag. Responsen let ikkje vente på seg. Det kom inn 150.000 kroner, og med 50.000 kroner i eigenkapital var maskina finansiert. Den utflytta nissedølen Ånund Olsen var for seint ut til å bidra. Han ynskte å kjøpe heile maskina for idrettslaget, men sidan finansieringa var ordna fekk han nei.

– Etter nokre dagar ringte Ånund og sa han ville gje 100.000 kroner til ein garasje, fortalde ein fornøgd idrettslagsleiar Thronsen til dei mange frammøtte i ruskevêret.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Idrettslaget måtte jo ha eit hus til trakkemaskina, utdjupar Olsen med eit smil til VTB.

Heimbygda

I tillegg til garasje er det bygd ei kombinert vakt- og varmebu. Ånund Olsen fekk æra av å klyppe snora som markerte garasjen for å opna, etter at ordførar Anne-Nora Oma Dahle hadde helsa til nissedølane på vegne av kommunen. Olsen sette tydeleg pris på markeringa.

– For menneske er noko av det største å bli sett og bli sett pris på, og eg er ikkje noko unntak. Eg synest dette var kjempemoro, seier Olsen.

Sjølv om han no bur i Skien, er han sterkt knytt til Nissedal.

– Det vil alltid vere heimbygda mi. Eg har familie her, og har også kjøpt meg hytte i Nissedal, seier Olsen.

Han karakteriserer seg sjølv om ein «ekstrem hobbymosjonist». Olsen er ein ivrig norseman-utøvar, og har også fleire store maratonløp på CV-en. Interessa for idretten blei vekt i Nissedal, og har berre vakse med åra.

– Dette me treng

Ordførar Anne-Nora Oma Dahle var imponert over dugnadsinnsatsen til nissedølane.

– Gratulerer med dagen. Det er slike initiativ og eldsjeler me treng når me skal oppfylle kommunens mål om levande grender og auka folketal, uttala ordføraren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trakkemaskin til 200.000 kroner blei kjøpt inn i 2009. Denne har blitt bruka både i ljosløypa og i skileikeanlegget. Dette har vore tungvindt og tatt mykje tid, derfor byrja idrettslaget å leite etter ein alpinmaskin. Denne blei funne på internett måndag. Tysdag gjekk styret i idrettslaget samrøystes inn for kjøp. Onsdag blei kontrakten underskriven og fredag var maskina som skal brukast i skileikeanlegget på plass i Nissedal.

Stor aktivitet

Bakken i Nissedal opna i januar 1985. I dag er det er eit skileikeanlegg med stor aktivitet. Det er bygd rails, hopp og kuleløype. Kvar tysdag og laurdag vrimlar det av unge og vaksne på ski, og dei som ikkje står alpint, slappar av med ein kaffikopp i botn av bakken. Førre helg møtte meir enn 50 personar opp, trass i at det var minus 20 grader.

John Thronsen er leiar for eit aktivt idrettslag. I 2008 var dei 125 medlemmer. I dag er det meir enn 200 i Nissedal idrettslag, og mange av dei er hytteinnbyggjarar. Leiaren trekkjer fram dei mange eldsjelene i laget. Blant desse er driftsleiar Jon Aarak som var blant dei som blei sett pris på laurdag. Han nytta høvet til å dele heideren med resten av dugnadsgjengen.

Lett

5 år gamle Lars Brynjulf Nordbø er ein av dei unge entusiastiske alpinkøyrarane i Nissedal. Han fekk ski til jol, og brukar mykje tid i bakken.

– Det er lett å køyre slalåm. Eg likar meg best utandørs, og det blir mange turar i løpet av ein dag, seier Nordbø.