Søkjartalet for elevar i vidaregåande skule går ned og frå hausten vil ingen elevar starta ved VG1 restaurant og matfag – men fylkestinget ser potensiale ved skuleavdelinga i Seljord og løyvde ein million kroner til utviklingsprosjekt. (Arkivfoto)
Søkjartalet for elevar i vidaregåande skule går ned og frå hausten vil ingen elevar starta ved VG1 restaurant og matfag – men fylkestinget ser potensiale ved skuleavdelinga i Seljord og løyvde ein million kroner til utviklingsprosjekt. (Arkivfoto)

Ein million til å utvikle skulen i Seljord

Fylkestinget løyvde førre veke ein million kroner til å starte eit utviklingsarbeid og sikre eit berekraftig skuletilbod ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord.

Lokal- og fylkespolitikar for Senterpartiet, Beate Marie Dahl Eide, er glad for at framlegget til partiet hennar fekk fleirtal i fylkestinget førre tysdag. 

Det var i samband med disponering av årsoppgjeret at opposisjonen hadde forhandla fram ei pakke der det mellom anna var sett av ein million kroner til det vidaregåande skuletilbodet i Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg trur dette er eit vere eller ikkje vere-vedtak for skulen i Seljord. Det er ikkje sagt konkret kva pengane skal bli bruka til, så nå må administrasjonen og skulen jobbe saman for å lage eit tilbod som står seg over tid. Me må jobbe for å tilføre skulen fleire tilbod, og med ein million kroner til eit utviklingsprosjekt har me høve til det. Seljord vil alltid vere ei lita avdeling, men me treng fleire elevar og sikre eit godt fagleg og sosialt miljø, seier Eide. 

Færre elevar

Talet på elevar som søkjer vidaregåande opplæring går generelt ned i Telemark, og ved den vidaregåande avdelinga i Seljord har berre 56 elevar søkt om skuleplass til hausten. 

Førre veke skreiv VTB at det ikkje blir tilbod om VG1 restaurant og matfag ved Vest-Telemark vidaregåande skule, avdeling Seljord, frå komande skuleår.

– Me jobbar aktivt for å rekruttere elevar til alle linene på skulane i Seljord og på Dalen. Det er likevel rett å seie at me har særleg søkjeljos på restaurant- og matfaglina i Seljord. Det var tre søkjarar på VG1 for det komande skuleåret, og det seier politikarane nei til. Men VG2 held fram uavhengig at det låge søkjartalet på VG1, uttala rektor ved Vest-Telemark vidaregåande skule, John Erik Robertsen.

Satsar på Seljord

Men trass i låge søkjartal fekk dei tilsette ved den vidaregåande avdelinga gode nyheiter frå fylkestinget, og eit signal om at dei folkevalte ynskjer å satse vidare på skulen. 

Eide meiner det brenn eit blått ljos for skulen i Seljord, og ho meiner at det lokale næringslivet også må engasjere seg meir.

– Kva meir kan ein til dømes få til saman med Dyrsku’n og bakeriet i Flatdal? Me må sikre ungdommane våre eit godt skuletilbod lokalt. Kanskje me også kan få eit tilbod for dei elevane som i dag reiser til Bø for å ta studiespesialiserande, spør Eide.

Vil ha med dei lokale

– Torsdag er det formannskapsmøte i Seljord, då vil eg orientere om vedtaket frå fylkestinget og stille spørsmålet; Kva kan me gjere lokalt?

Artikkelen held fram under annonsen.

Eide rosar også dei tilsette ved den vidaregåande skulen i Seljord som stadig har stått i kampar om å behalde skuletilbodet i bygda. 

– Når ein er så liten blir ein innmari sårbar. Men får me ein god plan og gode tilbod vil ein rekruttere fleire elevar til skulen. Den er så viktig for bygda vår, både for ungdommane og for kompetansearbeidsplassane den gjev, seier Eide som er veldig glad for vedtaket fylkestinget fatta. 

Det lukkast ikkje VTB å få kommentarar frå representantar ved avdelinga i Seljord eller rektor John Erik Robertsen før me gjekk i trykken måndag.