Pilegrim Kine Aune fortel at ho har funne mykje støtte i Eilev Erikstein.
Pilegrim Kine Aune fortel at ho har funne mykje støtte i Eilev Erikstein.

Delte erfaringar med helseministeren

«På fjellet er alle like.» Denne veka fekk helseminister Jonas Gahr Støre høyre om verknadene av samarbeidsprosjektet «Å vandre med håp» i psykisk helse.

Forholdet mellom psykisk helse og fysisk aktivitet er noko helseministeren er svært oppteken av. Difor lytta han svært interessert då prostidiakon Eilev Erikstein, psykiatrikoordinatorane i Vest-Telemark-kommunane og pilegrimsvandrar Kine Aune tok turen til Oslo for å fortelje om verknadene av prosjektet «Å vandre med håp».

«Pilegrimstradisjonen har mykje å tilby menneske som ber ekstra tunge bører.» Det er ein hovudtanke bak det vellukka vandringsprosjektet der kyrkja og prostidiakonen har tatt initiativ til samarbeid med fyrste- og andrelina i psykisk helseteneste i kommunane og arbeidsmarknadsbedrifter. Det er mogleg å delta i vandringa på det nivået ein er, og oppe på fjellet blir skiljet mellom frisk og sjuk viska ut. Ikkje alle kjenner kvarandre frå før, og ofte veit ein ikkje om personen ein snakkar med har ei diagnose eller ein jobb innan psykisk helse. Det er ikkje viktig.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gripande historie

Det var noko av det psykiatrikoordinatorane i Vest-Telemark, prostidiakonen og pilegrim på turen gjennom tre år, Kine Aune, ynskte å formidle til helseminister Jonas Gahr Støre, som tok imot delegasjonen på åtte personar i Helsedepartementet onsdag. Med dei var også stortingsrepresentant Sigvald Oppebøen Hansen (Ap), som hadde fått i stand møtet med Gahr Støre, fordi fyrstnemnde har sett dei positive verknadane prosjektet har hatt.

Kine Aune, som har slite med angst i mange år, gav ministeren og dei andre i rommet eit sterkt vitnemål. Ei historie om å delta i noko som gjev meining. Om å overvinne angst. Om å koma seg opp av sofaen for fyrste gong på åtte år, om å slite og sveitte seg gjennom den fyrste vandringa, for så å merke at det går lettare andre året. Og så det tredje. Om å gå frå sytten piller om dagen før fyrste vandring, til ingen no i dag. Om at noko av det beste med å vandre slik er at tankane slepper taket. Å få fred. Alt handlar berre om å setje ein fot framfor ein annan. Og så blir dei kanskje verande att baki der ein stad, mange av dei vonde tankane som har heimsøkt ein så alt for lenge.

Kine fortalde helseministeren om korleis turane har redusert den sosiale angsten hennar. Eksponeringsterapi, kallar fagfolket det. At mange ukjende møtest, nokre kjem til undervegs, uventa ting skjer. Men rundt ein er det folk som kan hjelpe ein med å takle det. Og då Gahr Støre spurde ho om dei vonde tankane framleis held seg borte også i tida etter turane, kunne ho svare bekreftande.

– Så lenge eg held meg aktiv, trenar og har vandringa sommaren etter å trene mot, har eg det mykje betre. Vandringane og Eilev har lært å ikkje skamme meg over den eg er, fortalte Aune.

Folkehelse i fokus

Snart legg helseministeren fram ei stortingsmelding om folkehelse. Då er samanhengen mellom fysisk aktivitet og psykisk helse eit viktig tema. Han understreka kor viktig det er å vera i aktivitet saman med andre, både for å førebyggje og for å bli frisk.

– Ein av to av oss får ein psykisk knekk i løpet av livet. Frå tida mi i Røde Kors har eg bite meg spesielt merke i dette: «Den beste medisinen for eit menneske er eit anna menneske,» sa Støre.

Han syntest samarbeidsprosjektet «Å vandre med håp», som også er mykje basert på dugnadsinnsats, verka som eit godt og vellukka tiltak.

– Ein treng sjølvsagt ikkje ei pilegrimslei for å vera fysisk aktiv i naturen, men her er det snakk om ei pakke som ser ut til å fungere godt, sa ministeren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det kunne Aune, psykisk helse-arbeidarane og diakonen skrive under på. Hovudbodskapen er at ein kjem langt med samarbeid.

«Å vandre med håp»

Pilegrimsvandring frå Grunge kyrkje til Røldal.

Samarbeid mellom fyrste- og andrelina i psykisk helseteneste i kommunane i Vest-Telemark, arbeidsmarknadsverksemder, kyrkja og friviljuge. Fem dagar saman på vandring og i dugnad, gjev betra relasjonar mellom kommunar og tenester, jf. samhandlingsreforma. Pilegrimsvegen til Røldal er òg samarbeidspartnar. Telemark utviklingsfond bidreg med økonomisk støtte.

Frå rapport 2011:

«Bakgrunnen for å gå er ulik. Mange går med psykiske plager, andre med ei sorg, somme for ei livsavklaring. Her er ulik tru. Kristne, muslimar, ikkje-truande.»

«Kreative løysingar og gode folk med stor kompetanse i akuttsituasjonar skapar trygge rammer. Sosial trening er ein viktig bit.»

«Viktig førebuingsarbeid. Planlegging av tur. Innkjøp av utstyr. Økonomi. Må ut og trene. Motivasjonsfaktor i behandlinga.»

«Verknad i ettertid. Kan dele opplevinga i ettertid.»

Artikkelen held fram under annonsen.

«Prosjektet er billig. Frå Telemark utviklingsfond fekk me 10 000 kroner. Saman med deltakarbetaling blei det reine utgifter på eit par tusen kroner for kommunane.»