2 av 3 lokalpolitikarar i Vest-Telemark er menn. Her blir ubalansen illustrert av kommunestyret i Kviteseid. (Arkiv
2 av 3 lokalpolitikarar i Vest-Telemark er menn. Her blir ubalansen illustrert av kommunestyret i Kviteseid. (Arkiv

1 av 3 i kommunestyra er kvinner

Det er flest menn i alle kommunestyra i Vest-Telemark. Denne perioden er seks av seks ordførarar menn. Har ikkje kvinnene funne vegen til lokalpolitikken, slepp dei ikkje inn eller vil dei ikkje vera med?

Fyresdal er den kommunen med prosentvis flest kvinner. Her er 7 av 17 representantar kvinner, noko som utgjer 41 prosent. I Tokke er 8 av 21 representantar kvinner (38 %), i Kviteseid er 7 av 21 kvinner (33 %), i Seljord 6 av 21 (28 %) og i Vinje er 9 av 25 kvinner (36 %). På sisteplass i regionen er Nissedal der berre 4 av dei 17 representantane er kvinner. Det utgjer om lag 23 prosent.

Sunn fornuft

Artikkelen held fram under annonsen.

To av kvinnene som sit i kommunestyret i Nissedal denne perioden er Runa Vee Tveit og Andrea Fjalestad som begge representerer Arbeidarpartiet. Ingen av dei har fasitsvaret på kvifor kvinnene er i mindretal i kommunepolitikken.

– Eg veit ikkje kvifor det blir slik. Listene var veldig annleis enn det som blei resultatet. Det er nok litt tilfeldighetar som rår her, men eg trur kanskje ikkje veljerane tenker så veldig over om dei stemmer inn ein mann eller ei kvinne. Eg synest det er veldig synd at me ikkje er fleire kvinner i kommunestyret. Fordelinga er betre i formannskapet. Der er det to kvinner og tre menn, fortel Tveit.

Andrea Fjalestad sit i sin fyrste periode som folkevald, også ho synest det er veldig synd at det ikkje er fleire kvinner i kommunestyret.

Runa Vee Tveit (med ryggen til) og Andrea Fjalestad utgjer femti prosent av dei folkevalde kvinnene i kommunestyret i Nissedal. Dei synest begge det er synd at det ikkje er fleire kvinner som er med i lokalpolitikken. (Arkiv
Runa Vee Tveit (med ryggen til) og Andrea Fjalestad utgjer femti prosent av dei folkevalde kvinnene i kommunestyret i Nissedal. Dei synest begge det er synd at det ikkje er fleire kvinner som er med i lokalpolitikken. (Arkiv

– Eg skulle ønskje det ikkje var slik. Det beste hadde vore om fordelinga var femti-femti mellom menn og kvinner. Ei årsak er kanskje at kvinner synest det blir litt travelt å drive med politikk i tillegg til barn og jobb, seier Fjalestad.

Arbeidarpartipolitikaren legg vekt på at ho sjølv kjenner seg veldig godt tatt imot i det politiske miljøet, og at ho har inntrykk av at alle ønskjer fleire kvinner inn i kommunestyret.

– Ein kan få litt presentasjonsangst også, og tenke at ein ikkje er god nok, men ein treng berre følgje med og bruke sunn fornuft. Kvinner må ikkje vera redd for å kaste seg ut i det heller, seier Fjalestad som håpar kjønnsbalansen endrar seg i framtida. 

Fjalestad peikar også på ein annan ubalanse ein finn i kommunepolitikken, nemleg alderen. Målingar viser at gruppa av menn mellom 45 og 66 år er overrepresentert i kommunestyra i heile landet.

– Eg synest saker som handlar om skule og barnehage er veldig viktige. Det er ofte store og krevjande sakar, og kvinner og yngre har eit anna utgangspunkt til å uttale seg og halde seg oppdatert på desse sakene fordi me står midt i det. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Fjalestad har små barn og arbeider turnus, og vedgår at det tar litt tid å vera folkevald, og at det ikkje alltid er like lett å få det til å klaffe. Ho synest det er ein god ide å legge møta til dagtid, sjølv om det er ein ekstra kostnad for kommunen.

– Slett ikkje bra

Denne perioden har Vinje kommunestyremøta sine på dagtid. Det blei innført som eit forsøk på å få fleire unge og kvinner til å stille på liste og engasjere seg i kommunepolitikken. Men har det fungert?

Bibbi Tveito sit i sin andre periode for Senterpartiet i Vinje kommunestyre. Ho meiner det er positivt at møta er på dagtid, men er usikker på om det har gjort rekrutteringa enklare.

– Det er kanskje lettare å få det til nå, men me må gjera meir for å få unge til å bli med i politikken. Kjønnsbalansen i Vinje er noko betre denne perioden enn førre, men den er slett ikkje bra, seier Tveito.

Senterpartipolitikaren meiner kvinner og unge elles er veldig engasjerte og tar mykje ansvar i bygda både for idrettslag og frivillig arbeid, men kvifor det er så få som er med i politikken, er vanskeleg å finne svaret på. Ho meiner også det er svært viktig for politikken som blir utforma at det er ein balanse mellom kvinner og menn.

– Me har kanskje litt ulike utgangspunkt og syn på forskjellige saker. Det burde vera fleire unge med i politikken så me kan få nye innspel, seier Tveito.

Tiltak

Artikkelen held fram under annonsen.

Også rådmann i Vinje, Jan Myrekrok, har inntrykk av at det fungerer godt å ha møta på dagtid, men meiner ordninga kom for seint på plass til at ein kunne sjå effekten av den ved førre val.

– Endringa blei bestemt for seint i forhold til nominasjonsprosessen, ein eventuell effekt av det ser me truleg fyrst ved neste val.

Myrekrok fortel at dei fekk innspel frå forskarar ved Rokkansenteret i Bergen om ulike tiltak ein kunne setje i gang for å oppnå betre likestilling og rekruttering til politikken.

– Noko av det ein såg kunne ha effekt var møte på dagtid. Då slepp ein å tenke på barnepass om barna er på skule eller i barnehage, og ein legg ikkje beslag på fritida på kveldane. Kommunestyret i Vinje har ein veldig høg snittalder, så det er heilt klart me treng rekruttering.

Men er det så farleg då?

– Ja, meiner ordføraren i Nissedal, Halvor Homme (Ap).

Han er ikkje i tvil om at det beste hadde vore om det var likevekt mellom dei to kjønna, og er sikker på at politikken hadde vore annleis om dei to kjønna hadde vore likt representert.

– Mannlege politikarar baserer seg på det mannfolk meiner. Heldigvis er dei kvinnene som sit i kommunestyret tydelege og sterke, så det utliknar noko av prosenten.  

Artikkelen held fram under annonsen.

Ordføraren er opptatt av at kommunestyret skal vera eit tverrsnitt av befolkninga elles, og at det også er viktig at det er ein balanse mellom til dømes dei som er tilsett i offentleg og privat næringsliv. Til sommaren byrjar arbeidet med lage lister til neste val. Homme fortel at det er vanskelegare å få kvinner til å stille enn menn.

– Kvinner har meir samvit enn menn, og menn er meir egosentriske, seier Homme.

Listene ved førre val hadde likevel ein god kjønnsbalanse ifølgje ordføraren. Han synest det er vanskeleg å svare på kvifor resultatet då blei så skeivt.

– Kvinnene har dessverre blitt kvotert ut ved valet. Listene til partia hadde ein rimeleg bra kjønnsbalanse, og det var mange svært kompetente både kvinner og menn på listene. Menn får flest kumuleringar, og resultatet blir at 4 av 17 representantar er kvinner. Det synest eg er veldig leit.

Homme meiner partia må legge til rette for at begge kjønn vil delta i politikken, men til slutt er det veljarane som bestemmer og i eit demokrati skal folk stemme på akkurat den dei vil.