Ferieaktivitetar for ungdom i Tokke

Tysdag 6. oktober skal ein gjeng Tokkeungdommar på tur til «høgt og lavt-parken» i Bø.

Turen er finansiert gjennom stønadsordninga «Nasjonal tilskuddsordning for å inkludere barn og unge» frå Bufdir for å skipe ferieaktivitetar for alle. Tokke har ein veldriven ungdomsklubb, men ynskjer at dette skal vere eit godt supplement for ungdomstilbodet i feriane.

Til no er det 36 påmeldte. Turen er gratis for alle ungdommar i Tokke mellom 13-18 år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Med på turen er og nytilsett miljøterapeut i Tokkeskulen, Kåre Solvang Lønning.