Investerer: Håvard Bjørke og Kristin Larsen frå Rauland skisenter førebur seg på vinteren, og har investert i nye løypemaskiner. – Dette ville auke kvaliteten for alle, og er eit kjempeløft, seier Bjørke.

Har investert i nye løypemaskiner for til saman ni millionar. – Dette vil auke kvaliteten for alle

Vinter og skisesongen rykker stadig nærare, og på Rauland er førebuingane til den travlaste sesongen i full gang. I år gjer dei ei stor satsing innafor langrenn med innkjøp av to nye løypemaskiner.

– Dette vil auke kvaliteten for alle, og er eit kjempeløft, seier Håvard Bjørke.

Han deler jobben som dagleg leiar på Rauland skisenter saman med kona Kristin Larsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rauland skisenter har køyrt opp løypenettet på Rauland i mange år. Men for fyrste gong er det nå to ulike aktørar som skal dele på jobben med å køyre opp langrennsløypene – Rauland skisenter og Vinje maskin. Litt før jol kjem dei to nye løypemaskinene dei har bestilt.

– Me selde dei gamle, ein stor og ein liten, dei var då rundt ti år gamle, fortel Bjørke.

Nå har det blitt investert i to store maskiner, med full breidde, det betyr at det blir to sett med langrennsspor og skøytefelt i midten over heile løypenettet. Ei maskin kostar rundt 4,5 million kroner. Rauland skisenter har kjøpt ei maskin og Vinje maskin har kjøpt ei.

– Det er ei stor investering. Eg tippar dei vil halde i fem til ti år, seier Bjørke.

Satsar på langrenn: Før jul skal to slike løypemaskiner vere på plass på Rauland, klare for å køyre opp løypenettet. Maskina har full breidde og to sporfresarar.

Han meiner mange vil merke at kvaliteten på løypene blir betre. Tidlegare har begge maskinene vore plassert på same stad, men nå skal dei stå i ulike endar av løypenettet. Dermed blir løypene nyoppkøyrte for fleire.

– Dei som bur nærare Rauland sentrum vil nok også merke dette godt, seier Bjørke.

Bånn gass

Mange har fått trongare økonomi den siste tida på grunn av høgare rente, høge straumprisar og dyrare mat.

– Korleis merkar de «dyrtida»?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Førehandssalet på sesongkort er bra, det ser betre ut enn i fjor. Men me merkar jo også at rentene går opp, utgiftene til straum, drivstoff og løn går opp. Men i reiselivet må ein henge med i svingane, så det er bånn gass til vinteren, og «business as usual» for oss, svarar Bjørke.

I tillegg til satsinga på langrenn, har dei i år laga ein heilt ny nedfart i bakken.

– Det blir ei heilt ny løype i ytterkant av hyttefeltet i Holtardalen. Så det er mange hytter nå som får ski in/ski out som ikkje har hatt det før, fortel Bjørke.

Familiebedrift: Rauland skisenter er på mange måtar ei familiebedrift. Ekteparet Håvard Bjørke og Kristin Larsen deler nå på å vere heime med sonen Vegard på ti månadar og jobben som dagleg leiar i selskapet.

– Me har også investert 3,5 millionar i fornying av snøproduksjonsutstyr, legg han til.

Reiselivet på Rauland er sjølvsagt heilårsbasert, men toppsesongen er rundt vinterferien. Medan dei er 30—40 tilsette på sommaren, skal dei vekse til rundt hundre til vinterferien.

– Det er alltid tøft, uansett. Men me har bra med søkarar i år, dei kjem frå heile verda. Eitt år hadde me tilsette frå åtte ulike nasjonar.

Det er eigentleg kona Kristin som er dagleg leiar på Rauland skisenter, men då paret vart foreldre i november i fjor overtok Håvard jobben for ei stund. Nå deler paret både på jobben som dagleg leiar og å vere heime med den vesle sonen, Vegard.

– Eg har to dagar på jobb og Kristin har to dagar på jobb, og så har han ein dag saman med besta og då er me begge på jobb, smiler Bjørke.

Artikkelen held fram under annonsen.

Å bli foreldre er ein ny tilvære for dei to som er vande med å jobbe mykje og gjerne også snakke om jobb over middagen.

– Me er jo i servicebransjen, og er ja-menneske. Kundeservicen er veldig viktig, så det blir sjølvsagt ein balansekunst, seier han.

– Men me har også ei veldig flink leiargruppe på ti personar, så det har vore veldig moro dei siste åra, legg han til.