Hev røysta for Sundkilen!

I VTBs påskespel les vi: «Ved Sundkilen møter du oppsynspresten som har lenka seg fast i brygga. Han ropar høgt at vilkåra ikkje er oppfylte. Du gjer som politikarane og drit i det: flytt 10 plassar fram». Får du, som eg, vondt i magen når latteren har stilna? Eller kjenner du natursorg i hjartet ditt? NRK avslørte nyleg 44.000 nye inngrep i norsk natur siste 5 åra, ved hjelp av satelittbilete. VTB har sett nærmare på materialet som gjeld Vest-Telemark, og på vtb.no kan vi no lese om korleis naturen stadig tapar terreng. Og då særleg grunna hytteutbygging. Vi les at sentrale styresmakter oppmodar kommunane til å vaske gamle reguleringsplanar (altså sjå på på om det er behov for å endre arealformålet og oppdaterer plangrunnlaget i tråd med dagens kunnskap, politikk og lovverk). Og leiar i Naturvernforbundet i Vest-Telemark uttaler følgjande: «Nokon må tore å stå fram og vere litt høgrøysta».

Arealnøytralitet, å gje tilbake til naturen like mykje som ein har teke, er truleg eit svært viktig omgrep for framtida. Det er lett å stille krav til forsvarleg sakshandsaming når ein openbart har «bruk for det», som i PPT-saka. «Bruk for det» handlar då gjerne om økonomisk gevinst, som vern av viktige arbeidsplassar. Så er det dei mindre openbare sakene, der ein ikkje nødvendigvis set dei same krava til seg sjølv (og dermed også møter seg sjølv i døra). Sundkilensaka er ei av fleire slike saker i Kviteseid i seinare tid. Ei sak der ein kan seie at den som «har bruk for det» er naturen, brukarar av Ågapet, framtidige kviteseidingar og kyrkja vår. På vegner av alle desse seier eg med utestemme: Det er den uvaska reguleringsplanen frå 2006 som gjeld! Både på godt og vondt. Eg siterer frå føresegnene til reguleringsplan for Sentrum: «paragraf 2.3: Område for blanda føremål, forretning, kontor, bustader FKB1 og FKB6: I området FKB6 skal det før tiltak settast i verk eller utbygging tek til, utarbeidast utbyggingsplan som syner framtidig byggnad, vegar, parkering, eventuelt kanalar/vasspegel, grøntareal/beplantning og kaianlegg/brygger». Vidare har departementet stadfesta at utbyggingsplan er det same som detaljregulering.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det gode med planen frå 2006 er jo at vi alle skulle vere sikra høvet til å medverke demokratisk, jamfør forskrift om behandling av private forlag til detaljregulering og annan informasjon om planprosessen på regjering.no. Som det heiter i eventyret om reveenka: ikkje så ille at det ikkje er godt for noko. Men, som det også heiter i eventyret, det var ikkje så bra heller, for dette godet vert forsøkt frårøva oss. Og kommunen påstår endå å ha handla i god tru, då dei skreiv under salsavtala for tomta. For, som også høgrepolitikar Ruud vart korrigert på ifjor haust: vilkåra i intensjonsavtala for sal var ikkje oppfylte innan fristen. Korleis kunne då partane ha handla i god tru, utan heimel i kommunestyrevedtak? (og då har eg ikkje nemnt kravet om løyve til deponi, som også skulle vore oppfylt innan fristen). Den beste til å svare på dette burde vere dåverande ansvarleg ordførar Bjørn Nordskog.

Så til det vonde med planen frå 2006, for dei av oss som ynskjer å gå «hensynssonevegen». Gjeldande plan opnar jo for massedeponi og utbygging i Sundkilen, på visse vilkår. Men igjen, hell i uhell: Ein reguleringsplan vert aldri hogge i stein, nettopp for å kunne riggast for framtida. I dag skjer denne rigginga (eller planvasken) rutinemessig i kommunal planstrategi, som skal vedtakast innan eit år etter konstituering av nytt kommunestyre. Altså innan hausten 2024, i vårt tilfelle. Det har jo renne ein del vatn i Sundkilen sidan 2006. Globalt har me alle fått auka medvit om viktigheiten av å ta vare på sårbar natur. Lokalt har andre delar av strandsona nært sentrum vorte privatisert (formelt eller uformelt). Eit gagnleg rekreasjonsområde har teke form i Ågåpet. Er ikkje tida overmoden for å vaske både overordna arealplan og underordna reguleringsplan for sentrum? Inst i Sundkilen er det ikkje tale om urørt natur, men om natur som allereie er under høgt press. I neste kommunale planstrategi bør ein difor sjå på tiltak som reduserer presset. Desse bør vere langt meir omfattande enn det eksisterande forbodet mot fiske i gytetida til storauren. Det kan vere tiltak retta mot avrenning frå jordbruk, kartlegging av raudlista naturtyper og endring av arealformål. Tiltak som attreiser naudsynt vyrdnad for naturen, og dermed også i ytste konsekvens vyrdnad for Skaparen sjølv.

Her er nokre «tørre fakta» som kan vere nyttige å ha med seg i prosessen, både for ansvarlege politikarar og oss andre:

1. Sundkilen vart føreslege for naturtypekartlegging (frå kommunen), men kom ikkje vidare i neste runde. Jamfør Miljødirektoratets oversikt over område som er foreslått for kartlegging av naturtypar på land i 2024.

2. Statsforvaltar kan ikkje krevje konsekvensutreiing når det gjeld søknaden om deponi i Sundkilen etter Forureingslova. Dette fordi det ikkje er tale om endring av gjeldande plan, ny plan eller dispensasjon.

3. Statsforvaltar vil likevel vurdere påverknaden på vasskvalitet og naturmangfald, og tilpasse krav om undersøkingar/utgreiingar til omfang av planlagt tiltak.

4. Vi får alle moglegheit til å uttale oss, m.a. gjennom høyring på Statsforvaltar si nettside og i listeførte aviser (punkt 1-4: personleg meddeling frå Lene Ottersen hos Statsforvaltar 21. desember).

5. Kyrkja vår frå 1915 er listeført som «særleg bevaringsverdig». Kommunen har eit stort ansvar for å ivareta omgjevnaden til slike kyrkjer etter Plan- og bygningslova. Medan Fylkeskommunen har ei rådgjevande rolle (personleg meddeling frå Olaf Steen i kirkeseksjonen hos Riksantikvaren 16. november).

Artikkelen held fram under annonsen.

Førstevalet er å «vaske» sjølve arealformålet. Men kva om arealformålet ikkje vert endra i kommunal planstrategi 2024? Då må vi hugse at sjølv om reguleringsplanen opnar for utfylling og bygging i Sundkilen, så eksisterer det inga plikt å sette dette i verk. Kommunen står heilt fritt i dette spørsmålet. Dette som følgje av at kommunen eig tomta, og det ikkje ligg føre ei gyldig avtale om sal. Dette betyr at vi uavhengig av ei framtidig hensynssone, kan ha eit monaleg håp om at denne biten av Sundkilen får ligge i fred. På same vis som vi kan ha eit monaleg håp om at store delar av planreserven på 40.000 dekar med arealformål hytteutbygging i Vest-Telemark får ligge i fred. Nett no ligg to viktige saker til handsaming hos Statsforvaltar: Søknad knytt løyve om massedeponi i Sundkilen og klage frå Naturvernforbundet i Vest-Telemark på planprosessen i Sundkilensaka. Det er å håpe at signala vi får frå Statsforvaltar vil hjelpe oss inn på rett spor.

Vil du motsette deg instruksjonen i nemnte påskespel? Og heller heve røysta di for naturen inst i Sundkilen? Som også utgjer den nære omgjevnaden til kyrkja vår? I så fall er 6. april siste frist for å signere oppropet «Ja til ei romsleg hensynssone etter Plan- og bygningslova rundt Klokkarodden-Fikjan og Kviteseid nye kyrkje» (sjå www.opprop.net og søkeord «Klokkarodden» eller bok på Waldenstrøm kafé).

Gunhild Sveinsdotter Breidalen, Kviteseid