… Så ser eg på det som stend da, og så funderer eg litt, forklarar Maurits (Marius Greiner) til Maurhild (Edda Høydahl).
… Så ser eg på det som stend da, og så funderer eg litt, forklarar Maurits (Marius Greiner) til Maurhild (Edda Høydahl).

Yrande liv på scena

Det startar å bli vår i Flatdal, og skråningane er fulle av liv, men det er ikkje bare frå skråningane det krabbar fram viltre småkryp.

Flatdal barneskule har nemleg sett opp musikalen Maurits og den store barnålkrigen denne veka. Der møter vi raudmauren Maurits Maur og svartmauren Maurhild, som må avverje ein heil krig, og få svartmaurar og raudmaurar til å jobbe saman mot den store foten frå oven.

Sjå fleire bilde

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein leseglad maur

Handlinga utspelar seg i skogen der vi blir kjent med blant anna ei litt nysgjerrig skjor, dronningmaurane, og ein svært fortumla soldat. Dessverre er det ikkje så lett å være Maurits maur. Maurits likar nemleg best å sitte oppe på fabelgreina og lesa i blad, både eikeblad og lønneblad. Ein dag møter Maurits, spela av Marius Greiner, den hyggelege svartmauren Maurhild, spela av Edda Høydahl, og finn ut at svartmaurar er eigentleg ganske greie. Dei lukta heller ikkje så vondt som han trudde. Venskapen mellom Maurits og Maurhild blir svært viktig når det utspelar seg ein konflikt mellom svartmaurane og raudmaurane, og endå viktigare når dei les om at det skal byggast motorveg gjennom skogen deira. Maurits og Maurhild overbeviser dei to dronningmaurane, spela av Ingrid Barstad Birkrem og Marit Kultan, om at dei må jobbe saman mot den store trusselen dei no står overfor. Med song og musikk, og ei nysgjerrig skjor som bind heile showet saman, finn dei etter kvart ei løysning. Det heile endar med at alle maurar i det såkalla moderlandet blir invitert på festmiddag av dronningane.

Alle er med

Flatdal barneskule har jobba med denne teateroppvisninga sidan vinterferien, og det er andre gong dei tar for seg Maurits maur som musikal i Flatdal.

– Sjølve manuset er ganske likt, med nokre få endringar, seier lærar og regissør Unn Kristin Jønnardalen.

Ein vimsete Generalissimo held godt tak i dei andre i makrogjengen. F.v. Vetle Valhovd, Mathias Lognvik Vartdal, Johannes Rønjom-Rue.
Ein vimsete Generalissimo held godt tak i dei andre i makrogjengen. F.v. Vetle Valhovd, Mathias Lognvik Vartdal, Johannes Rønjom-Rue.
Dronningmaurane i diskusjon. F.v. Vetle Valhovd, Ingrid Barstad Birkrem, Edda Høydahl, Marius Greiner, Marit Kultan, John Haugen Kultan, Tommy Müller, Mathias Lognvik Vartdal.
Dronningmaurane i diskusjon. F.v. Vetle Valhovd, Ingrid Barstad Birkrem, Edda Høydahl, Marius Greiner, Marit Kultan, John Haugen Kultan, Tommy Müller, Mathias Lognvik Vartdal.

– Det finaste ved dette spelet er å sjå utviklinga som kvar elev har frå dei lærer teksten til dei lærer å formidle det på scena. Det sampelet dei klarer å få til, det er utruleg bra. Alle er med, og jobbar så hardt dei kan for å få det til, smiler Jønnardalen tydeleg stolt.

På klingande dialekt

Manuset er opphavleg skrive av Geirr Lystrup, men omsett til skikkeleg Flatdal-dialekt av Randi Solberg, Unn Kristin Jønnardalen og Høye Rue.

– Det var litt vanskeleg å snakke dialekt i starten, men eg trur det gjekk ganske greitt, seier Marius Greiner som eigentleg er bokmålsbrukar.

Han tok på seg utfordringa og snakka klingande dialekt gjennom heile spelet, med stor innleving i rolla som Maurits.

Både han og medskodespelar Edda Høydahl synest det var svært moro å spele teater, og Edda imponerte med vakker song i rolla som Maurhild.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det var veldig moro å synge, det er fyrste gong eg har stått på scena og sunge heilt åleine. Eg var litt spent i starten, men eg klarte å gjennomføre det, smiler Edda, og legg til at ho heilt klar kjem til å halde fram med musikk.

Både Marius og Edda er glade for at dei går på ein skule som set opp musikalar, men har litt delte meiningar om kva som var det beste med heile spelet.

– Det beste var å synge, seier Edda og kikkar over på Marius.

– Eg syns det beste var å få applaus og bli ferdig, eg merkar at eg er sliten, seier han.

Song taket av

Det var storskulen som hadde dei mest omfattande rollene i spelet, men det hadde ikkje blitt det same utan eit heidundrande kor som løfta songane til nye høgder. Dette koret besto av elevane frå første- til fjerdeklasse, ei god samling av både svartmaur og raudmaur.

– Det var veldig moro å danse, seier tre ivrige småmaur i kor.

– Det var også veldig moro å sjå dei eldre elevane spela på scena, og moro å sjå på dei andre kostyma, seier Maren Isabell Aase og Julianne Dyrland mens svartmauren Torjus Mæland nikkar, og trampar i golvet i ekte maur-stil!

Gler seg alt

Sjølv om ungane var dei store stjernene har det blitt lagt inn mykje jobb i kostyme og kulissar av engasjerte foreldre og bygdefolk. Musikken vart spela av eit band bygd opp av foreldre, lærerar og lokale musikarar, mens lyd og lys vart styrt av Tobben Barstad, Tor Bjålid og Knut Espelid. Både lærerar, skodespelarar, og ikkje minst publikum var strålande fornøgde med musikalen. Publikum gav skodespelarane ståande applaus, og gler seg alt til neste musikal.