VTB er framleis tredje størst i «gamle» Telemark

Onsdag blei opplagstala for norske aviser offentleggjort. Vest-Telemark blad har no eit godkjent opplag på 5492. Det er 71 færre enn for eit halvt år sidan.

Dermed er det framleis berre dei to storavisene TA og Varden som er større enn VTB i det som før var kjent som Telemark fylke. Men Amedia-avisene Porsgrunns Dagblad og Kragerø Blad Vestmar fylgjer tett etter VTB med høvesvis 5303 og 5205 i opplag.

Tala viser det totale opplagstalet for avisene i fyrste halvår i 2020. Førre oversikt, som galdt for andre halvår 2019, blei presentert i mars i år.

Artikkelen held fram under annonsen.

Då opplagstala blei offentleggjort i vår hadde VTB ein stor framgang (opp 426 til 5563). Eit halvt år seinare er det ein nedgang på 71.

Telemarksavisa er størst i «gamle» Telemark med eit godkjent opplag på 22 510. Avisa går fram 481. Varden har eit opplag på 18 688 (minus 169 samanlikna med i mars).

Andre halvår 2019Fyrste halvår 2020Endring
TA2202922510481
Varden1885718688–169
VTB55635492–71
Porsgrunns Dagblad54245303–121
Kragerø Blad Vestmar5137520569
Telen43234299–24
Bø Blad2559262162
Rjukan Arbeiderblad2413247966
Drangedalsposten19531930–23
Kanalen19591924–35