Bedehus: Øyvind A. Jørgensen tek ned krossen frå veggen.

Vrådal bedehus er historie

Fredag 3. april tok den nye eigaren over huset og tomta i Vråliosvegen 24.

Den opne avslutningsmarkeringa som Vrådal Normisjon skulle arrangert den 21. mars, kunne dessverre ikkje bli halde, men styret heldt ein enkel avvigslingsseremoni rett før overleveringa.

Alt har si tid

Ja, slik står det i Forkynnaren 3,1: «Alt har si tid, det er ei tid for alt som hender under himmelen.» Her er ikkje tida noko som berre tikkar og går. Tida er fylt med noko. Kvar tid har sitt innhald, med nye tider kjem nye tilhøve. No har Vrådal bedehus hatt si tid. Det er eit faktum, ettersom huset er teke ut av bruk. Om ein òg kan seie at det har hatt si tid på den måten at det ikkje lenger var bruk for det i bygda, er eit anna spørsmål.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bedehusa hadde sitt utspring i den kristelege lekmannsrørsla på 1800-talet. Sett frå eit trussynspunkt var dei resultat av vekking, tru og teneste. Dei var eit uttrykk for Guds rikes framgang i verda. Samtidig er det klart at samfunnsmessige og historiske føresetnader spela inn og gav lekmannsorganisasjonane vind i segla. I dag er situasjonen ein annan. Det har med fleire ting å gjere. Bedehuskristendomen, med sine røter i pietismen, har vore vanskeleg å bli fortruleg med for mange, særleg slik han framstod i tidlegare tider. Dessutan har samfunnet, kulturen og kyrkjelivet endra seg, og i små bygder spelar også folketalsutviklinga inn.

Sidan det er krevjande å halde eit forsamlingshus, både arbeidsmessig og økonomisk, fann vi i Vrådal Normisjon at vi måtte avvikle drifta av huset. Her spela det også inn at vi ikkje eigde tomta og at vi no fekk ei god løysing både for hus og tomt.

Inventaret

Stoffstolar og bord har vi gjeve til Kviteseid Normisjon, oppvaskmaskin og kjøleskåp m.m. er gått til Trovassli leirstad, servise og ein del kjøkkenutstyr fekk grendehuset, og eit skåp er gjeve til idrettslaget. Pianoet, høgtalarane og songbøkene har vi teke vare på, og bilete og ein del andre ting vil vi selje på auksjon når det blir høve til det.

Tomt: No er Bedehuset rydda og tømt.

Kjensler

Når eit bedehus blir nedlagt, kjenner ein på tap, i dobbel forstand. Ein har mista noko som ein var knytt til. Det er vemodig og det gjev sorg. Samtidig kan tap ha ei anna tyding, at ein ikkje har lukkast. Kunne eg gjort noko anna? Kunne eg ha gjort noko meir? Det er ikkje fritt for at eg også kjenner på det. Likevel kan ein ikkje site att med skuld når ein har prøvd å gjere sitt beste.

Om det er sørgeleg å gje slepp på Bedehuset, er eg også letta. Med tanke på framtida og vanskeleg rekruttering, plikter og etter kvart nye vedlikehaldsbehov kjenner eg meg letta over at det kom til ei ordning med avvikling no.

Det var leit at vi ikkje kunne halde avviklingsarrangementet. Då ville dei som ynskte det, ha teke avskil med huset. Det trur eg mange ville ha sett pris på, for mange har gode minne frå noko dei har vore med på i Bedehuset. Folk i bygda vil nok oppleve det litt rart å sjå at det ikkje er noko bedehus her lenger. Det var ein del av foreiningslivet og samfunnet i Vrådal.

Takk

Når tida no er over for Vrådal bedehus, er det mange som fortener takk. Sidan det handlar om sjølve huset, tenkjer eg med takk på dei som samla inn til det og dei som sette det opp, og alle som sidan har halde det ved like. Midt på 1960-talet vart det modernisert og bygd ut, og fleire viktige vedlikehaldsarbeider er gjort i dei siste tre tiåra, før mi tid som leiar. Ved utlysinga for sal no hadde vi takstmannens konklusjon å vise til, at huset framstår i generelt bra stand og er godt vedlikehalde.

Medlemer, bygdefolk og turistar skal ha takk for all støtte ved møte, basarar og loppemarknader. Som leiar vil eg spesielt takke styret for trufast arbeid og godt samarbeid.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bedehus: Haustbasaren 2009.
Populært: Loppemarknaden har vore eit populært sommararrangement.

Etter gåvebrevet frå Ketil T. Gravir i 1912 har vi nytta ei stor og fin tomt vederlagsfritt. Familien Gravir skal ha stor takk for dette og for godt samarbeid i alle år. Dei to noverande eigarane, brørne Jarle og Gaute Gravir, har vi hatt eit godt samarbeid med om salet.

No kjenner eg meg framfor alt tilfreds. Vi har hatt ein prosess med mange momenter og mange skritt, noko spenning før boda kom inn, og ein god del arbeid til slutt. Men prosessen har kome godt i mål. Når det endar med fred, kan ein vere tilfreds.

Kva no?

Vrådal Normisjon er ikkje nedlagt. Kva vi kan få til og kvar vegen går vidare, veit vi ikkje heilt enno. For Bedehuset gjeld det at «alt har si tid.» For Normisjon og for trua vår gjeld ordet i Hebrearbrevet 13,8: «Jesus Kristus er i går og i dag den same, ja, til evig tid.»

Så vil vi gratulere Heidi Naper med kjøpet av Bedehuset og ynskjer henne ein god heim der.

Bøn

Ved den enkle avvigslinga bad vi ei bøn før krossen vart teke ned frå veggen til slutt: «Himmelske Far, vi takkar deg for Bedehuset og alt det har gjeve gjennom 108 år. Takk for dei som bygde huset og for alle dei som har drive det og halde det ved like med arbeid, pengegåver og anna støtte.

Vi takkar deg for nådens evangelium, som vi har fått høyre her. Takk for fellesskap og samarbeid, for song og musikk, for kaffi og mat. Takk for sundagsskulen, Yngres og anna barne- og ungdomsarbeid, for møte og festar, minnesamvær, kurs og feiringar.

Vi bed for bygda vår, for alle som bur her og alle som besøkjer oss. Lat evangeliet lyde og Ordet lyse i vår grend. Velsign Vrådal kyrkje og samlingane der. Lat din fred og di velsigning kvile over heimane våre og alt arbeid og alle fellesskap i bygda. I Jesu Kristi namn. Amen.»

Øyvind A. Jørgensen,

Artikkelen held fram under annonsen.

styreleiar i Vrådal Normisjon