Kultur- og likestillingsminister Abid Q. Raja (til høgre) inviterte i førre veke presseorganisasjonane til møte. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix / NPK

Stortinget ber regjeringa om krisepakke for medium

Regjeringa blir beden av Stortinget om å lage ei krisepakke for medium, slik at journalistar ikkje skal bli permitterte under koronakrisa.

Det vart klart då partia på Stortinget gav kommentarane sine til kontantstønadspakken.

Venstres Ola Elvestuen trekkjer fram at enkelte bedrifter treng å ha folk på jobb også i perioden vi no er i.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mediebedriftene er ei av dei. No får vi òg ei bestilling til regjeringa for å ta vare på mediebedrifter som har stort fall i annonseinntektene sine, slik at journalistar kan gå på jobb i staden for å bli permitterte, held fram han.

Telemarkingen Åslaug Sem-Jacobsen (Sp) er blant dei som har jobba hardt for ei krisepakke til media. Ho seier det optimale hadde vore å kome med ei krisepakke for lenge sidan, men at dette var det beste dei kunne få til no.

– Stortinget lyttar til bransjen og trur at mange av dei ordningane som nå kjem, ikkje treffer dei godt nok. Det er også ei anerkjenning av kor viktig media er, uttala ho til Journalisten tysdag.

– Eg er glad for dette, seier Sem-Jacobsen til VTB, men legg til at det gjenstår å sjå kor god krisepakka blir.

Instruerer regjeringa

«Komiteens flertall, alle unntatt medlemmene fra Fremskrittspartiet, viser til at mediehusene har hatt et betydelig fall i annonseinntekter. Kriteriene for faste uunngålige kostnader utgjør en for liten del av mediehusenes kostnader til at støtte gjennom kmpensasjonsordningen kan kompensere for fallet i annonseinntekter. Det er nå varslet permittering i flere aviser. Redusert journalistisk kapasitet i media vil være svært uheldig i den situasjonen landet befinner seg i. Flertallet vil på denne bakgrunn fremme følgende forslag:

«Stortinget ber regjeringen vurdere en egen kompensasjonsordning bedre tilpasset medienes spesielle inntektsstruktur og raskt komme tilbake til Stortinget med forslag om dette».

Mange aviser, blant dei Vest-Telemark blad, har opplevd eit stort fall i annonseinntektene i samband med koronakrisa.

(©NPK)