Kjem: Kristian Kristensen.
Markus Lillesund
Slik blir litteraturdagane. – Dette blir stort! Me gler oss til festival
Litteraturdagane i Vinje blir arrangert for trettande gong, og tema for årets festival er «kraft». Ord som drivkraft, berekraft og kraftutbygging blir utforska i eit rikhaldig festivalprogram under Litteraturdagane 26.–29. september.
– Me er stolte av årets program. At det kan vere kraft i litteraturen veit me jo, og sidan omgrepet blir brukt i så mange ulike samanhengar, er det godt eigna som grunnlag for arrangement med stor breidde, seier arenaleiar ved Vinjesenteret, Yngve Knausgård i ei pressemelding.
Aslaug Vaa-jubileet 2024
I år er det 90 år sidan diktardebuten til Aslaug Vaa. Torsdag 26. september opnar festivalen med ein eigen heilaftan via hennar forfattarskap. Vaa var ei kraftfull stemme mot krig og masseøydelegging i tida etter andre verdskrigen. Litteraturen si kraft til å møte krig og konflikt blir også tematisert når Svanhild Amdal Telnes skal lese eigne tekstar saman med Somaya El-Sousi frå Palestina og Tesfaldet G. frå Eritrea.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP