Den gamle skulen, som no er grendehus, var plassen for markeringa.

Referat

Flott markering på Møsstrond

Fredag 15. august var det 10-årsmarkering for Rjukan-Notodden industriarv på Hovdeøyi på Møsstrond.

Den gamle skulen, som no er grendehus, var plassen for markeringa på denne strålande augustdagen. Det var om lag 100 frammøtte, med ei god blanding av fastbuande og inviterte gjester. Gjestene kom mellom anna frå Stortinget, departement, Riksantikvaren, fylkeskommunen, verdsarvrådet og ØTB (Øst-Telemarks brukseierforeining).

Harald Hovden transporterte dei frammøtte frå Varland til Hovdeøyi på ein utmerka måte. Her var det servering av mat, kaffe og kaker, som Møsstrond turisthytte organiserte. Maten var levert av Vierli og kakene var det Tone Hovden som hadde laga.

Det var eit flott og variert program, der ordførar Jon Rikard Kleven ynskte velkomen. Assisterande kommunedirektør Anders Sandvik heldt eit informativt innlegg om kva «vår» verdsarv har betydd for verda, og ordførar under innskriving, Arne Vinje, fortalde om Vinje og Møsstrond si viktige rolle som avgjerande for at UNESCO godkjende industriarven.

Leiar av verdsarvrådet, fylkesvaraordførar Terje Riis-Johansen, fortalde om Møsstrond og Vinje som ein del av heile historia, og stortingsrepresentant Åslaug Sem-Jacobsen om kva staten kan og bør bidra med i verdsarvsamanheng.

Me fekk også ein tur inn i Møsstrond kyrkje, der Inger Lien fortalde historia om kyrkja og kvea viser. Lars Erik Øygarden spela slåttar både om Rjukanfossen og Draghaug for full kyrkje.

Avslutninga var nede ved båthamna på Hovdeøyi, der Thor Inge Haltvik frå Hardanger fartøyvernsenter fortalde om Eydebåten og arbeidet med restaurering av skrog og innsetjing av original Regal motor frå 1918. Det vart også ein prøvetur på Møsvatn for dei som ynskte det.

Takk for ein flott dag til alle som tok turen!

Referat: Kjell Christenson, Vinje kommune

 

Åslaug Sem-Jacobsen snakka om kva staten kan og bør bidra med i verdsarvsamanheng.
Lars Erik Øygarden spela slåttar både om Rjukanfossen og Draghaug for full kyrkje.
Inger Lien fortalde historia om kyrkja og kvad viser.
Ordførar under innskriving, Arne Vinje, fortalde om Vinje og Møsstrond si viktige rolle som avgjerande for at UNESCO godkjende industriarven.
Regal motor frå 1918.
Powered by Labrador CMS