Hilda Tjønn skriv eigne dikt, og denne gongen las ho «Vårsong» for dei frammøtte, som sette stor pris på det.
Hilda Tjønn skriv eigne dikt, og denne gongen las ho «Vårsong» for dei frammøtte, som sette stor pris på det.

Poesi i sentrum

Ein gong i månaden møtest folk på Kaffibaren i Rauland for å glede kvarandre med viser og dikt. VTB stakk innom då Aslaug Høydal var hovudperson.

– Å, no var det dumt at ikkje Bjønn var her!

«Viser og dikt»-gjengen i Rauland manglar eit sentralt medlem akkurat den dagen VTB svingar innom. Bjønn Fauske Lysdahl hadde det så travelt at han ikkje kunne koma. Men Eystein Matheussen, Tone Lognvik, Åsta Ø. Kostveit og Vesla Landsverk er på plass, slik dei jamt er den fyrste tysdagen i månaden, med ulike tema kvar gong. Eystein og Bjønn spelar, alle syng, og nokon les.

Artikkelen held fram under annonsen.

Samfunnsengasjert og tøff

Det er – av alle ting – ein varm sommardag i Rauland tidleg i mai, men likevel har 15-20 menneske funne vegen for å lesa og høyre dikt – anten sjølvskrivne eller av meir kjende poetar, synge med på allsongen, og høyre om Aslaug Høydal (1916–2007) – forfattar, lærar og samfunnsdebattant frå Langlim. I 2016 ville ho altså fylt 100 år.

– Det er rart med oss i «Viser og dikt»: Me dumpar stadig borti 100-årsjubileum, seier Åsta Ø. Kostveit.

Som gjest har dei i høve Høydal-temaet invitert Einar Bakken, langliming og syskenborn av Høydal. I samtale med Vesla Landsverk fortel han om ei sterk, klok og tøff kvinne. Om ein lærar som bruka friminuttane til hoppe på ski med elevane, om ein 16-åring som tvinga den vesle fetteren sin til å lære dikt utanåt. Om ei hjartesorg så sterk at ho forlét Telemark og budde i Skjåk i Gudbrandsdalen resten av livet. Og om ei eldsjel som engasjerte seg sterkt i kampen mot skulesentralisering.

Vesla Landsverk i samtale med Einar Bakken om syskenbarnet hans, Aslaug Høydal.
Vesla Landsverk i samtale med Einar Bakken om syskenbarnet hans, Aslaug Høydal.

Landsverk tek opp romanen «Dyr last» i samtala med med Høydals syskenbarn.

– Boka inneheld hard kritikk mot den nye ungdomsskulen og sentraliseringa – ho må ha vore opprørsk?

– Ja, den reforma var ho rasande på. Ho var redd ungane skulle lide. Det var dei som var dyr last, svarar Bakken.

Feirar jubileum til hausten

Om du blei nyfiken på Aslaug Høydal no, kan du ta turen til fødebygda hennar når langlimingane markerer 100-årsdagen i haust. Program og dato er førebels ikkje spikra.Jubileumsåret blir også markert stort i Skjåk.

Til hausten startar også Viser og dikt i Rauland opp att, med nytt tema kvar gong, og rett som det er ein spennande gjest.