«Farmen» og «Farmen Kjendis» har tidlegare blitt spela inn på Storøy gard i Bamble. No vil produksjonen tilbake til Telemark.
«Farmen» og «Farmen Kjendis» har tidlegare blitt spela inn på Storøy gard i Bamble. No vil produksjonen tilbake til Telemark.

Kjem «Farmen» til Vest-Telemark?

Produsentane av den populære TV 2-serien er på jakt etter ny innspelingsgard.

– Me leitar stadig etter nye gardar til innspilling av «Farmen», skriv Strix Televisjon – som produserer serien for TV 2 – i ei pressemelding.

Dei seier at dei går breitt ut i søket sitt, og at dei leitar på heile Sør- og Austlandet. 

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me skulle gjerne ha kome tilbake til Telemark, seier Strix, som har spela inn både «Farmen» og «Farmen Kjendis» på Storøy gard i Bamble i 2010 og 2016. 

No treng produksjonsselskapet tips til nye gardar i Telemark. Kanskje me kan oppdrive noko passeleg i Vest-Telemark?

– Me ser etter eigedomar der det gjerne har vore eller er eit gamalt gardsbruk eller ein husmannsplass. Me reiser 100 år tilbake i tid. Garden burde difor helst ligge litt for seg sjølv, slik at moderne bygningar, kraftleidningar og liknande ikkje er synleg frå garden. Staden må også ligge i umiddelbar nærleik til vatn – anten det er sjø, innsjø, tjørn eller elv – samt ha gode solforhold og dyrkbar jord. 

Gode tips sendast på e-post til: farmengard@strix.no. Der ønskjer Strix at du skriv adressa til den aktuelle garden. Det er også fint viss du legg ved kontaktinfo til eigarane og eit bilde eller to.