I høve sitt eige 100-årsjubileeum sto like godt Aage Samuelsen (Kurt Joar Wrålid) opp att for å halde eitt siste vekkingsmøte på Dalen.
I høve sitt eige 100-årsjubileeum sto like godt Aage Samuelsen (Kurt Joar Wrålid) opp att for å halde eitt siste vekkingsmøte på Dalen.

Aage stod opp att

Femtedagsrevyen på Dalen inneheldt i år ei bokstaveleg tald salig blanding av sketsjar.

– Det er noko heilt anna med publikum til stades. Me har knota og streva på øvingar dei siste vekene, men i kveld sat heldigvis alt som det skulle, seier Olav Solvang engasjert.

VTB møter skodespelar Solvang bak scena, der han gjer seg klar for kveldens andre og siste førestilling saman med revykameratane Kjell Magne Grave, Ståle Brendstuen og Kurt Joar Wrålid.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me er no amatørar, så det tek litt tid før detaljane sit. Men alt gjekk etter planen i den første førestillinga, me er veldig fornøgde og me har fått mange gode tilbakemeldingar frå publikum, smiler Brendstuen.

Planlegginga av revyen starta tidleg i haust, og ti eldsjeler i teaterlaget har sett opp alt sjølv, frå lys og lyd, til manus og skodespel.

– Me synest sjølv me har eitt godt sluttprodukt, det er ei blanding av lokale innslag og nokre som har eitt litt breiare nedslagsfelt. Tema for revyen er Aage Samuelsen, derav namnet «Vekkelsesluft», men innhaldet er ikkje relatert til han før i det siste innslaget.

Fiskelivhjelp, Tokke rundt og ein konspirasjonsteori

Også den andre førestillinga gjekk bra, om ein skal døme ut frå reaksjonane til publikum.

Tilskodarane fekk møte eit mildt sagt breitt utval karakterar, alt frå ein noko stakkarsleg bygdekar (Bjørn Vindal), som så gjerne vil bidra til å auke folketalet i kommunen, til to fiskarar (Kjell Magne Grave og Olav Solvang) som desperat prøva gjenoppliving av ein fisk dei hadde tjuvfiska i Tokkeåi. Kurt Joar Wrålids karikeringar av både Tore Dahle på Dahles Deleservice og innehavaren av Vadder Taxi, samt opplysningsprogrammet «Fylket Rundt», som tok for seg innbyggjarane i dei ulike tettstadene i Tokke vart møtt med mykje latter av salen.

Dei som var til stades i Tokkehallen fekk òg innsyn i ein relativt finurleg politisk plan som involverte advokat- og ordførarkollegane Jon Rikard Kleven (Ståle Brendstuen) og Jarand Felland (Kjell Magne Grave), under instruksar frå sistnemndes far, ”Don” Olav (Olav Solvang). Planen gjekk ut på å slå saman Tokke og Vinje til storkommunen Feland, der Olav skulle vere ordførar, medan dei noverande ordførarane måtte gå tilbake til advokatverksemda, slik at dei kunne behandle alle nabotvistane som kom til å oppstå mellom vinbyggjane og tokkebuarane.

Heilt til slutt vart det vekkingsmøte i ekte Aage Samuelsen-ånd, der Samuelsen sjølv (Wrålid) velsigna tokkebuarane, som presenterte diverse problem, frå den uttørka Tokkeåi til manglande 4G-nett på Skafsåheii, som dei ville at Gud skulle ta seg av.

Både letta og lei seg

– Me er veldig fornøgde, sjølv om me sprengde tidsskjemaet ganske kraftig, smiler Solbjørg Frantzen etter kveldens andre førestilling.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Alt gjekk etter planen, humoren var i fokus, og me fekk markert 100-årsjubileet til Aage Samuelsen, som gjorde så mykje for bygda, på ein artig måte. Men sjølv om me er letta over at me gjennomførte på ein god måte, så er det litt trasig at me er ferdige òg, eg skulle nesten ynskt at me kunne hatt endå ein førestilling, legg ho til.

Sjå fleire bilde frå revyenher.