Elmopedladar: Næringssjef i Seljord kommune, Asbjørn Storrusten, styremedlem i Vestfold og Telemark ungdomsråd Arvid Tommy Müller og Kjell Birger Teigen ved Statoil Seljord opna måndag ladestasjon for elmoped.

Opna ladestasjon for elmoped

– Kanskje er det den fyrste ladestasjonen for elmoped i landet, den som Kjell Birger Teigen nå har ved miljøstasjonen sin på Brøløs i Seljord, seier Arvid Tommy Müller frå Vestfold og Telemark ungdomsråd nøgd.

For eitt år sidan sende Müller eit brev til næringssjef i Seljord, Asbjørn Storrusten, der han spurde om kommunen kunne ta initiativ til å få på plass ein ladestasjon for elmopedar.

– Eg beklagar at det tok litt tid, men nå er det på plass, seier Storrusten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er kjempebra. Her blei ynsket om ein ladestasjon gjennomført samanlikna med andre kommunar me i ungdomsrådet har vore i kontakt med. Skien kommune, til dømes, lova også ladar for elmoped, men ingenting har skjedd, seier Müller.

Eit bevisst val

Müller, som er oppteken av klimaet, gjorde eit bevisst val om elmoped då han vart 16 år og tok mopedlappen.

– Elmopeden har både eit lågare forbruk og utslepp enn andre mopedar. Om ein skal lade batteriet frå det er tomt tar det om lag seks timar og kostar om lag 1,5 kroner, og då kan ein køyre 10 mil. Til vanleg brukar eg å lade elmopeden eit par timar, seier han nøgd med å ha spara både miljøet og pengar etter val om elmoped.

Müller trur ikkje det er så mange som køyrer elmoped i Seljord ennå.

– Kanskje ungdom ikkje er kjent med at det finst eit meir klimavenleg alternativ til bensin-mopeden flest køyrer. Men det er mange elsyklar og elskuterar i Seljord, og eg håpar at fleire får augo opp for den meir klimavenlege elmopeden – det er jo ikkje så bra kollektivtilbod her, seier han.

Müller fortel at han har vore godt fornøgd med den driftssikre elmopeden sin.

– Eg har faktisk køyrd 11 000 kilometer sidan eg handla han.

Müller meiner at den nye ladestasjonen også kan vere eit godt tilbod for dei som har elsparkesyklar, eller for turistar som kjem til Seljord.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er mange bubilar som har elmoped med seg bakpå bilen, seier Müller.

Godt samarbeid

I godt samarbeid med Kjell Birger Teigen, på Circel K, vart planen for ladestasjon godt motteke, og skilta for elmopedlading montert måndag denne veka.

– Me har eit godt samarbeid med Seljord kommune, og sjølvsagt sa eg ja til å få på plass ein ladestasjon for moped også. Me ynskjer å vere ein total energistasjon og gje kundane våre eit godt tilbod. Me må tilpasse oss heile tida, seier Teigen som sidan 2015 har hatt ladestasjon for bil i tillegg til miljøstasjon og tømmestasjon for campingbilar på nedsida av bensinstasjonen.

Vil gje kundane eit godt tilbod: Miljøstasjonen med mellom anna tømmestasjon og elbilladerar til både bil og moped har Kjell Birger Teigen ved Cirkle K i Seljord plassert på nedsida av bensinstasjonen ved sidan av vaskehallen.
Les også
Feira 40 år med bensinstasjon