Kjell Birger Teigen (t.h.) og Ståle Ellingsen har jobba på bensinstasjonen i Seljord i høvesvis 40 og 24 år.
Kjell Birger Teigen (t.h.) og Ståle Ellingsen har jobba på bensinstasjonen i Seljord i høvesvis 40 og 24 år.

Feira 40 år med bensinstasjon

Fredag var det 40 år sidan Kjell Birger Teigen starta opp BP-stasjon i Seljord.

– Eg var 20 år og ferdig i militæret. Bensinstasjon og bil høyrdest ut som ein god kombinasjon og noko fornuftig å ta seg til for ein nyutdanna bilmekanikar, seier Teigen om oppstarten av stasjonen som då var på Vallar.

40 år seinare er han i den same jobben. Eller tilnærma den same jobben. Bensinstasjonen bytta fyrst namn frå BP til Norol, og i 1991 blei det Statoil. Tre år seinare flytta stasjonen til ny tomt i Seljord sentrum, der dei er i dag. Innhaldet har også endra seg. Men Kjell Birger Teigen er den same, sjølv om han også har måtta endre tankesett.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fyrst var det bare bil. Og det var ein barriere å gå frå å tenke bil til å forhalde seg til det kunden spør etter. Men det gjekk det også, smiler Teigen, og legg til at dei framleis driv med «bilting» som oljeog dekkskift og byting av pærer og vindaugsviskarar.

Etter 40 år i bransjen karakteriserer han jobben som ein livsstil.

– Det er ein utruleg triveleg arbeidsplass, seier han.

Med seg som lojal medarbeidar har han Ståle Ellingsen som har vore tilsett sidan 1994. I tillegg har han deltidsmedarbeidarar i helger og på kveldstid.

Han meiner Shell ved E134 og Statoil har ulike kundegrupper og utfyller kvarandre.

– Her har me mange lokale stamkundar, men også dei som er innom på veg til hytta.