Hytte til sals: Det er mange hytter til sals på Gautefall nå i haustferien.

Trongare økonomiske tider gjer at fleire leiger ut hytta. – Då blir det fleire liggedøgn, meir handel i butikkane og fleire sal av heiskort

Det er mykje å velje i for dei som vil kjøpe seg hytte i Vest-Telemark. Og fleire ser ut til å leige ut private hytter.

Det er ikkje langt mellom skilta som viser at det er hytter til sals i hyttefelta i Vest-Telemark. Eit søk på fritidsbustad til sals på Finn.no viser totalt 243 hytter som ventar på ein ny eigar i dei seks kommunane.

Fleire leiger ut hyttene

At fleire også ynskjer å leige ut hytta er ein trend Stein Birger Johnsen i Rauland Invest har merka seg.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me ser her i Rauland at det er mange hytter til utleige både på Finn og Airbnb, fortel han.

Johnsen meiner trongare økonomiske tider har ført til at fleire leiger ut hytta, og han tenker det er bra for hyttekommunane og dei som driv med næring.

– Då blir det fleire liggedøgn på kvar hytte, meir handel i butikkane og fleire sal av heiskort i skibakkane. Det er veldig, veldig bra, seier han.

Også i Vrådal merkar dei trenden med utleige av hytter. Der har dei dei siste åra selt fleire hytter til kjøparar i Tyskland.

Jan Rune Grave i Vrådal Panorama fortel at dei tyske hytteeigarane er flinke til å leige ut når dei ikkje er på hyttene sjølv, gjennom tyske utleigesider.

– Det er derfor bra med besøk på desse hyttene, fortel han.

Les også
Så langt i år er det berre selt éi tomt på Felehovet. – At denne nedturen kom har me planlagd for sidan oppturen starta den første koronasommaren
Les også
Nå har Jens investert dei fyrste millionane. – Ei perle, heile året, i alle årstider

Salet av hytter går ned

I Vest-Telemark er det flest hytter til sals i Vinje. Der er det nå 110 hytter ute på Finn.no. I Nissedal er det 56 hytter til sals og i Kviteseid 38.

Nasjonale tal frå SSB viser at det i alt vart omsett 2346 fritidseigedomar i Noreg i andre kvartal i 2023. Det er det lågaste talet på tjue år, og er ein nedgang på 22 prosent samanlikna med same kvartal året før. Også i 2022 fall salet på fritidsbustader i Noreg, etter toppåret i 2021.

Artikkelen held fram under annonsen.

Til sals: Denne hytta i Vrådal er til sals.
Les også
Har investert i nye løypemaskiner for til saman ni millionar. – Dette vil auke kvaliteten for alle