Denne skivefibulaen er ein av mange fine gjenstandar Tom har funne med metalldetektor. Den vart nytta til å halde kappa på plass, og er frå år 540-610 e.kr.
Denne skivefibulaen er ein av mange fine gjenstandar Tom har funne med metalldetektor. Den vart nytta til å halde kappa på plass, og er frå år 540-610 e.kr.

Tom Junior Magnushommen leitar etter spor frå tidlegare tider

Som liten drøymde han om å bli arkeolog. Slik gjekk det ikkje, men Tom Junior Magnushommen brukar mykje av fritida med ein metalldetektor i hendene.

På kjøkenet til Magnushommen flyt bordet nærast over av ting han har funne eit spadetak under torva på eit jorde ein eller annan stad i Seljord og omland. Gamle ting. Knappar og sølvmyntar. Terningar og leiketøy frå vikingtida. Ringar og beltespenner.

– Dette er ein del av ei brosje. Her ser du Midtgardsormen, fortel Magnushommen og viser fram ein del av ei brosje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Smykket er ikkje heilt lenger, men ein kan framleis tydeleg sjå den detaljerte utsmykkinga. Førestille seg at nokon har bruka lang tid og mykje strev på å få til alle detaljane. Ein gong har brosja gjort nokon vakker, før den vart mista og fleire hundreår seinare gjorde utslag på metalldetektoren til Magnushommen.

– Den skal eg levere inn til fylkesarkeologen. Alt som er eldre enn reformasjonen, altså 1536, er det staten som eig.

Det fyrste funnet

Tom voks opp på Brunkeberg, og fortel at han alltid har drøymt om å grave etter gamle skattar. Han hugsar framleis godt ein episode frå då han gjekk på barneskulen som har sett nokre spor.

Tom er mest fascinert av den norske historia, men i haust har han også vore i England og søkt saman med mange andre.
Tom er mest fascinert av den norske historia, men i haust har han også vore i England og søkt saman med mange andre.
Myntar, leiker, knappar, smykker og knivskaft. Tom viser fram nokre av skattane han har funne.
Myntar, leiker, knappar, smykker og knivskaft. Tom viser fram nokre av skattane han har funne.

– Me leika ute i skogen, og eg fann nokre dyrebein. Eg fann fleire og fleire bein, og til slutt fann me eit skrin med nokre papir eller brev oppi, men eg brydde meg ikkje om slikt då og kasta dei frå meg. Eg veit faktisk ikkje heilt kva som skjedde med dei, men dyrebeina tok eg med meg heim. Eg kom til å tenke på det då eg kjøpte min fyrste detektor.

Sjølv om fascinasjonen etter å grave i jorda etter spor frå tidlegare tider var tidleg til stades, freista det lite med studia som krevst for å bli arkeolog. Men sidan han skaffa seg metalldetektor for ti år sidan, har det blitt mange timar med søk. Han søker helst på jorde. Der det er leire er ting best bevart. Jorda må heller ikkje vere planert, då finn han ikkje noko.

– Eg spør bøndene som eig jorda om det er greitt at eg søker på jorda deira, og i tillegg plukkar med meg det eg finn av søppel. Dei aller fleste synest det er heilt i orden. Mange er sikre på at eg ikkje kjem til å finne noko. Men eg finn alltid noko. Eg trur det er ein gong som eg har leita og søkt ein heil dag utan å finne noko som helst.

Knappar og museumsgjenstandar

I samlinga er frykteleg mange knappar. Dei er ganske små og med fine utsmykkingar. Knappane kan ein datere ved å sjå på korleis hempa er laga. Tom har ein plan for nokre av dei.

– Eg har lyst til å få meg bunad, og då vil eg bruke desse gamle knappane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han synest også det er spesielt å finne sølvmyntar, og fortel at det også er veldig moro om han finn noko som er eldre enn garden han gjer søket på. Då veit ein at det har vore aktivitet, og kanskje busetnad der tidlegare også. Han synest det er vanskeleg å peike på ein periode som skil seg ut framfor andre. Men ein gong fann han ei vikingøks frå om lag år 850. Den siste tida har han også gjort nokre spesielle funn.

– Dette er ein fibula, den er til å feste kappa med. Den er i bronse og spesiell, og frå omkring år 100–200 e.kr. Eg har akkurat funne den, og ikkje levert den inn endå, men dette er ein museumsgjenstand. Denne er det heller ikkje lenge sidan eg fann, fortel han og viser fram ein liten gjenstand som er umogleg å plassere for eit utrena auge.

– Det var umogleg å vite kva dette var, men eg fekk hjelp av ein kjenning frå England. Han hadde sett liknande før, og fekk stadfesta at det er skaftet til ein dolkekniv som truleg er frå Roma.

Draumefunnet

Han har alltid vore interessert i historie og lærer mykje av å finne dei gamle gjenstandane. Når han finn noko ukjent tek han kontakt med andre som interesserer seg for det same. Og dei er det mange av.

– Me har ei gruppe på Facebook med rundt 10 000 medlem, og det er berre i Noreg. Der kan ein legge ut bilde og få hjelp til å datere ting. Det er sosialt å halde på med. Av og til søker eg saman med kompisar og då hoppar og hoiar me når me finn noko. I morgon reiser eg til England på eit treff der me møtast ein heil gjeng som driv på med dette.

– Kva er draumefunnet?

– Ein klump med gull som eg kan smelte om og selje, svarar han og ler.

– Nei da, det hadde vore veldig moro å finne eit sverd frå vikingtida.