Vinnarane av talentiaden, Saifullah Gadamurov (8) og Ånund Nordstoga Torgersen (11) fekk begge lov til å plukke varer frå Meny i eitt minutt som premie. Dei hadde planlagt å springe rett til hylla med sjokolade. (Privat foto)

Plukka godteri i eitt minutt

Etter fire innleiiande rundar var unge talent samla for song, musikk, dans, akrobatikk, turning, vitsar og historieforteljing i talentfinalen i Seljord laurdag.

Barn frå 6 til 12 år har hatt høve til å vise fram talenta sine på Telesenteret i Seljord den siste tida. Laurdag var det tid for finale, og 60 frammøtte kom for å sjå dei flinke utøvarane. I dommarpanelet sat politikar Solveig Sundbø Abrahamsen, Gry Kivle frå Visit Seljord og Anniken Edesberg og Tage Urnes frå Seljord folkehøgskule. Dei var einige om at det var vanskeleg å trekke fram ein vinnar i talentiaden då utøvarane hadde ulike sjangrar og såleis var unike.

– Alle var modige og hadde ei god innleving i det dei viste fram, var dommerpanelet einige om.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vinnarane av talentiaden vart Saifullah Gadamurov (8) og Ånund Nordstoga Torgersen (11). Dei fekk eitt minutt til å fylle ei handlekorg i daglegvara. 2. premie gjekk til Lotta Maylen Finseth (8) og Celina Laustad (11) som fekk gåvekort på 500 kroner. Resten av deltakarane fekk godteposar.

Initiativtakar til arrangementet er Arne Åsen som driv kafé på Telesenteret.

– Det er morosamt med aktivitetar som skaper ein møteplass. Me har ambisjonar om å etablere eit torg i midten av senteret for å skape eit hyggeleg miljø. Service og kundemiljø står i fokus på Telesenteret og me trur me kan bli endå betre med å invitere til ulike aktivitetar der, seier Åsen.

Amalie Nenseter Sørensen og Ingebjørg Skaret Skoland (Privat foto)
Amalie Nenseter Sørensen og Ingebjørg Skaret Skoland (Privat foto)
Celina Lauvstad (Privat foto)
Celina Lauvstad (Privat foto)
Publikum og dommarar. (Privat foto)
Publikum og dommarar. (Privat foto)
Lotta Marlen Finseth. (Privat foto)
Lotta Marlen Finseth. (Privat foto)
Elisabeth Aarhus (Privat foto)
Elisabeth Aarhus (Privat foto)
Kristina Haugland Lie og Ingerid Anderup. (Privat foto)
Kristina Haugland Lie og Ingerid Anderup. (Privat foto)
Solveig Sundbø Abrahamsen (politikar), Gry Kivle (Visit Seljord), Anniken Edesberg og Tage Urnes (Seljord folkehøgskule). (Privat foto)
Solveig Sundbø Abrahamsen (politikar), Gry Kivle (Visit Seljord), Anniken Edesberg og Tage Urnes (Seljord folkehøgskule). (Privat foto)
Mange kom for å sjå på talentiaden. (Privat foto)
Mange kom for å sjå på talentiaden. (Privat foto)
Arne Åsen (Privat foto)
Arne Åsen (Privat foto)
Elisabeth Aarhus (11 år, sang), Kristina Haugland Lie og Ingrid Anderup (10 år, dans og sang), Amalie Nenseter Sørensen og Ingebjørg Skaret Skoe (10 år, turning), Celina Lauvstad (11 år, las eigen historie), Lotta Maylen Finseth (8 år, piano), Saifullah Gadamurov (8 år, akrobatikk), Ånund Nordstoga Torgersen (11 år, sang). Her saman med dommarane: Solveig Sundbø Abrahamsen (politikar), Gry Kivle (Visit Seljord), Anniken Edesberg og Tage Urnes (Seljord folkehøgskule). (Privat foto)

Publikum (Privat foto)
Publikum (Privat foto)
Saifullah Gadamurov. (Privat foto)
Saifullah Gadamurov. (Privat foto)
Ånund Nordstoga Torgersen ((Privat foto)
Ånund Nordstoga Torgersen ((Privat foto)

Han er takksam for at senterleiinga og alle butikkane har støtta talentiaden, og vonar at dei kan ha eit liknande arrangement til hausten.

Åsen seier at dei vil halde fram med laurdagsunderhaldning på senteret, og i tida som kjem kan kven som helst kome og bruke den permanente scenen dei skal byggje.

– Me har planar om quiz, og ynskjer å vise at Telesenteret er ein unik stad å handle, ete og møtast, seier Åsen.