Vinsjedagar på Nisser blei arrangert for andre året på Fjone i helga.
Vinsjedagar på Nisser blei arrangert for andre året på Fjone i helga.

– Det er noko ana enn Tusenfryd

13 år gamle Birk Svendsen frå Fjone brukte alle sparepengane på tur med paraglider på Vinsjedagane i fjor. I år fekk han prøve seg med miniskjerm – det gav meirsmak.

I helga blei det arrangert vinsjedagar på Nisser på Fjone for andre året på rad. Vinsjedagane er eit arrangement med ulike luftsportsaktivitetar, der erfarne pilotar innan paragliding og hanggliding kjem til Fjone for å fly. Anten det er frå fjelltoppar eller at dei blir vinsja etter båt på Nisser. Besøkande får høve til å vere med som tandempassasjer i paraglider, eller på sightseeingtur med helikopter. Dei har også konkurransar og oppvisning i akrobatisk flyging med paraglider.

Arrangørane Kjell Arild Grønås, Amun Løvland og Ole Jørgen Løvland er alle ivrige pilotar, og har utvida arrangementet frå i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg arrangera det fyrste gong i fjor, mest for moro, men det var ein suksess. Eg ynskte å gjere det same i år, og fekk med meg Amun og Ole Jørgen frå Bygland Luftsportklubb. Me har satsa meir i år. Me har fått pengar frå Nissedal kommune, og fått tak i helikopter som tar besøkande med på sightseeingtur på Fjone, fortel Kjell Arild.

Når vinden tek tak

På det store opne jordet på Moen på Fjone er fleire av pilotane i gang med å ta på seg utstyret.

– Det er ein god del vind i dag, og dei skal vente nokre timar for sjå om han løyar. I mellomtida skal dei trene med paraglidarane på bakken, seier Amun.

13 år gamle Birk Svendsen frå Fjone fekk prøve seg med miniskjerm på Vinsjedagane i Nissedal i helga.
13 år gamle Birk Svendsen frå Fjone fekk prøve seg med miniskjerm på Vinsjedagane i Nissedal i helga.
Amun Løvland (t.h) frå Bygland Luftsportklubb instruerte Birk.
 – Veldig bra Birk. Viss du trekk deg tilbake no kjem vinden i skjermen, seier Amun.
Amun Løvland (t.h) frå Bygland Luftsportklubb instruerte Birk. – Veldig bra Birk. Viss du trekk deg tilbake no kjem vinden i skjermen, seier Amun.
Bjørn T. Solheim (72) (t.h) fekk seg ein luftig tur med helikopteret i lag med Piloten Rolf Sigurd Løvland. Bak hadde han med seg Birger Grønås og Kjell Asbjørn Solberg. – Eg har aldri vore i helikopter før, men dette var moro. Det var fint å sjå Fjone ovan frå, seier Bjørn.

Rune Jakobsen (t.v) og Ørjan Strandberg synest det er fantastisk å fly. – Eg blei ferdig med kurset i mars og er ganske fersk. Det er ein fantastisk kjensle. Kjensla av fridom og adrenalin, seier Ørjan.

Ole Jørgen Løvland (t.v), Kjell Arild Grønås og Amun Løvland står bak Vinsjedagane på Fjone. Sjølv er dei ivrige pilotar og fekk seg eit par turar på Nisser fredag kveld. Piloten av helikopteret var Rolf Sigurd Løvland.

Besøkande som var med på helikoptertur fekk ei nydeleg utsikt ut over Fjone og Nissedal.
Besøkande som var med på helikoptertur fekk ei nydeleg utsikt ut over Fjone og Nissedal.
Utsikt over Fjone. Til venste i bilete kan ein sjå  Sandnesodden camping.
Utsikt over Fjone. Til venste i bilete kan ein sjå Sandnesodden camping.

Birk Svendsen har fått lov til å prøve seg, for fyrste gong, med ein miniskjerm. Denne er laga slik at ein ikkje kjem opp lufta, og er fin for nybegynnarar eller ivrige barn.

Han står klar med Amund ved sida av seg og får gode instruksar om kva han skal gjere og når. Skjermen er lagt ut framfor han og hjelmen er på. Han er litt nervøs, men gler seg mest.

Vinden kjem og han tek tak i skjermen. Birk trekker i han, og etter kvart går skjermen rett til vers. Han får eit stort smil om munnen og Amun skryter av han. Skjermen fell i bakken, og Birk forsøker å få han opp igjen.

– Det var utruleg moro. Det er frykteleg tungt, og ganske vanskeleg. Sekken er tung og når vinden tek tak blir ein dratt av garde. Då må ein halde godt igjen. Eg blei litt redd då det kom eit stort vindkast. Då blei eg drege oppover, og følte eg skulle lette, seier han.

Eit stort adrenalinkick

I fjor fekk Birk prøve seg på tandem med paraglider. Éin slik tur kostar 2 000 koner, og han var aldri i tvil om kva han skulle bruke sparepengane sine på.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Då eg fekk høyre at det skulle vere vinsjedagar her og at eg kunne vere med, starta eg å spare. Då eg skulle betale hadde eg med meg sparegrisen ut på jordet, smiler han.

– Korleis var det å fly så høgt oppe i lufta?

– Det var heilt fantastisk og verdt kvar krone. Det var eit stort adrenalinkick –noko ana enn Tusenfryd for å seie det slik. Eg og Amun blei vinsja etter båt på Nisser. Me var oppe i 1 100 meter og eg kunne sjå dei største fjella i Nissedal. Heilt fantastisk. Eg skal bli paragliderpilot når eg blir gamal nok. Det blir moro, seier han.

Publikum ventar

Programmet går ikkje heilt etter planen på grunn av vêr og vind. Helikopteret flyr fleire turar og besøkande kosar seg. Vinden har løya noko, og ivrige pilotar verkar etter å fly. Seks pilotar tek med seg utstyret sitt, og hoppar på ein bilhengar som køyrer dei til enden av éin av fjelltoppane i nærleiken. Dei skal gå opp og fly ned att. Fjelltoppen er på om lag 600 høgdemeter. Dei er ikkje heilt sikre på om dei kan fly ned, men dei er utålmodige og vil opp og sjekke forholda. Dei er jo her for å fly.

Etter 20 minuttar kan me skimte karane på fjelltoppen. Besøkande ventar i spenning. Vinden er diverre ikkje heilt som dei skulle ynske. Kjell Arild, som er speaker, opplyser på høgtalarane at dei er usikre på vinden og må avvente litt før dei bestemmer seg.

Etter mykje fram og tilbake avgjer pilotane på fjelltoppen at det ikkje er forsvarleg å sette utfor.

– Det er litt trasig, men slik er denne sporten. Me kan ikkje ta sjansar vis me ikkje er heilt sikre på at forholda er gode nok, seier Kjell Arild.

– Det er eigentleg sport i venting dette her, skyt Ole Jørgen inn.