På denne veggen i den store hallen i fleirbrukshuset i Treungen ynskjer ei gruppe i idrettslaget at det skal kome eit klatreanlegg og at kommunen blir med på investeringa.
På denne veggen i den store hallen i fleirbrukshuset i Treungen ynskjer ei gruppe i idrettslaget at det skal kome eit klatreanlegg og at kommunen blir med på investeringa.

Vil ha kommunen med på klatrevegg

Treungen IL ser store fordelar med å få ein klatrevegg i fleirbrukshuset. Rådmannen avviser ikkje invitasjonen om å bli med på investeringa til nesten 700 000 kroner.

Treungen IL har etablert ei klatregruppe som er frampå for å få bygd ein klatrevegg i fleirbrukshuset i bygda. Klatregruppa ved Marie Kornmo Enger har i eit fleire sider langt skriv invitert Nissedal kommune til å bli med på investeringa.

«Tusen takk for flott, velskriven invitasjon til bygging av innandørs klatrevegg i fleirbrukshuset. Den bør gjevast ut på Gyldendal (!)», innleiar rådmann Sverre Sæter om innhaldet i skrivet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Rådmannen sitt førebelse svar til idrettslaget er slik: «Få avklart om kommunen ynskjer å stå som eigar av eit nytt anlegg inne i fleirbrukshuset. Om det ikkje er (politisk) bom ned for å ha nytt anlegg inne i fleirbrukshuset, ynskjer kommunen å jobbe vidare med prosjektet i samarbeid med Treungen IL, med siktemål å få prosjektet godteke for spelemidlar i 2019.»

Etterspurd aktivitet

I skrivet til kommunen meiner klatregruppa at det må vere eit mål at endå fleire – vaksne som barn – deltek i aktivitet. Det blir nemnt at i fleire år har det blitt etterlyst andre aktivitetar i kommunen enn fotball og ski, og at klatring har vore ein etterspurd aktivitet i mange år. Ei uformell undersøking nokre år tilbake viste at klatring var det som mellomsteget på skulen ynskte seg mest.

«Den organiserte idretten råkar dei aller fleste barna i kommunen, men for nokon er tilbodet likevel ikkje godt nok; ei heller for ei sårbar gruppe – nemleg ungdomane våre og unge vaksne. Somme fell frå organisert idrett i alder 12–16 år. Me veit også at det er mange ungdomar som trekkjer mot aktivitet som gjev «eit rush» av ein eller anna art. Vår visjon er mellom anna å hente fram desse ressursane, gjennom aktivitet som kan nå også dei. Me vil tilby dei utvikling og nye ferdigheiter der ein i sitt tempo kan oppleve blodet bruse, ta kontrollen og oppleve mestring. Klatring er for alle – uansett alder, kjønn, historie, sosial status og ferdigheiter. Den svakaste i fotball kan syne seg å vere den tøffaste i veggen – her vil ein kunne få overraskingar», skriv Enger frå klatregruppa.

Måle Hægefjell på veggen

Vidare tenkjer gruppa at klatreveggen også kan bli ein aktivitet å tilby turistane, og kanskje ein kan opne hallen for klatring for publikum i helger og feriar.

«Vårt mål er at dette skal bli ein populær aktivitet, og med viljuge drivkrefter i klatregruppa vil me kunne tilby dugnadsinnsats som trenarar/sikrarar i hallen i ein turnus. Det er viktig med introduksjon til klatring også for denne målgruppa, då kommunen har eit enno ikkje oppdaga og utnytta potensialet som klatredestinasjon utandørs. Kva med verkeleg å setje Nissedal på kartet som klatredestinasjon? No må Nissedal få opp ein innandørs klatrevegg det verkeleg sparkar av! Kva med å få den lokale kunstnaren Hendrix Rouleaux til å spray-måle Hægefjell på heile veggen», undrar Enger.

Hægefjell på Fjone er eit populært område å klatre i for mange nordmenn og utlendingar, som også nyttar andre fjell å boltre seg i i Nissedal kommune.

Vil bli bruka

Tanken er at klatreveggen er eit kommunalt anlegg som klatregruppa skal drifte. Folk i gruppa vil kursast opp til å inneha god kompetanse, og ynskjer å sertifisere seg og få dei naudsynte godkjenningane frå Norges klatreforbund. 

Fordi det er strenge restriksjonar for å setje opp klatreanlegg, må leverandøren gjere den jobben. Veggen har ein totalkostnad på 685 250 kroner. Om kommunen står som søkjar på tippemidlar, vil ein kunne få dekt ein tredel av kostnaden.

Artikkelen held fram under annonsen.

«Det er ikkje grenser for kva ein kan argumentere for å få til denne investeringa. Til og med trening for og rekruttering av mannskap til den lokale alpine redningsgruppa kan tenkje seg å vere eit argument. Det skal ikkje stå på aktiviteten – den vil kome. Vil dykk vere med på denne klatreveggen, så får me det til – i fellesskap og samarbeid», er avsluttinga på brevet sendt frå klatregruppa til kommunen.