Ragnhild Gjelstad (t.v.) og Asgerd Grave syntest middagen såg spennande ut. I bakgrunnen sit Olav Berge og kosar seg med måltidet.
Ragnhild Gjelstad (t.v.) og Asgerd Grave syntest middagen såg spennande ut. I bakgrunnen sit Olav Berge og kosar seg med måltidet.

Seinare middag gjev helsegevinstar

På Kviteseid omsorgssenter har brukarane fått middag 15.30 den siste månaden. Det har gjeve betre nattesøvn og auka snittvekt. Den same endringa har Nissedal og Seljord gjort. Tokke er på trappene, men i Fyresdal og Vinje serverer dei framleis middag rundt klokka 13.00.

Fredag 2. juni klokka 15.30 fekk dei eldre på Kviteseid omsorgssenter (Kos) ei oppleving dei seint vil gløyme. Dei fekk nemleg servert trerettars middag frå kjøkenet på huset. Forrett, hovudrett og dessert. Nils Johan Remen Fjeldahl, kokk i Bama, var hjernen bak. Ein tanke han hadde fått under eit av besøka på Kos, der Bama er leverandørar.

– Det var ein idé om å gjera noko spennande og spesielt for dei eldre, så eg og Kristian Versto diskuterte det. Me fann ut at me ville ordne ein skikkeleg festmiddag for dei, fordi dei fortener det. Det skulle vera ein slags ala carte-meny, altså ikkje berre på fat, men på kvar sin førebudde tallerk, fortel Fjeldahl medan han legg opp forretten i eit varmt kjøken.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den består av flatbrød med salat, tytebærrjome og spekeskinke. Til hovudrett får dei eldre velje mellom seibiff eller karbonade med lauk, ved sida av søtpotetpuré, erter, urteolje og jordeple. Desserten er gele med vaniljesaus og krem.

Dei er prisgitt maten me lagar

Kristian Versto, kjøkensjef på Kos, er heilt samd med Fjeldahl i at brukarane fortener å bli gjort ekstra stas på.

– Dei som kan uttrykke det var redde for at dei var veldig til bry i dag, ler han.

Dei to håpar dette kan vera ein fast tradisjon nokre gonger i året.

– Dei som bur her er prisgitt maten me lagar, for dei får ikkje velje. Dei er avhengige av at me lagar så god og sunn mat me klarar, seier Versto.

– Me ønskjer jo at dei skal eta meir. Det er ein stor del av dette. Mange er underernærte, så me håpar at fristande rettar kan bli ein del av redninga, legg Fjeldahl til.

Betre søvn og høgare vekt

Artikkelen held fram under annonsen.

At dei eldre på Kos et meir no er det liten tvil om. 1. mai endra dei nemleg middagstida frå 12.30 til 15.30 på sjukeheimen. Kjøkensjef Versto fortel at dette har blitt svært godt tatt imot av både brukarar og pleiarar.

– Det er ei meir normal middagstid i dagens samfunn. No får dei frukost 08.30, varm lunsj 12.00, middag 15.30 og kveldsmat klokka 19.00. Og sjølvsagt mellommåltid og frukt eller smoothiar. Me har fått tilbakemelding om at brukarane søv betre og rolegare om nettene og at snittvekta har gått opp. Dei kosar seg nok meir med maten, og er glade for å få fire skikkelege måltid om dagen, seier Versto.

Dei tilsette har gjort dette med minimalt av forarbeid og omveltingar.

– Me kjem ein halvtime seinare på jobb og reiser ein halvtime seinare. Det merkar ein jo ikkje eingong.

– Nei, då blir dei så misunnelege

Oppe på ei av avdelingane sit sju spente damer og ventar på dagens festmiddag.

– Det er flunkande ny duk her, jo, seier Ragnhild Gjelstad.

– Ja, dette er reine bryllaupsbordet, svarar Asgerd Grave.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei er frå seg av begeistring alle saman. – Tenk at me skal få vera med på noko slikt. Det har så mykje å seie for oss, seier Grave.

Forretten går ned lett som berre det. Dei er fulle av lovord. Så får dei velje hovudrett. Det blir ei fin fordeling mellom karbonadar og seibiffar. Fleire er nysgjerrige på kva i alle dagar den oransje pureen er. Søtpotetpuré blir dei fortalde. Dei synest den er veldig god.

– Det eine var betre enn det andre her. Dette kjem eg aldri til å gløyme. Dette må me fortelje til familiane våre, smiler Grave breitt.

– Nei, då blir dei så misunnelege at, seier Gjelstad.

Endring i fleire kommunar

Både Seljord og Nissedal gjort same endringa. I Seljord er det førebels berre på skjerma avdeling at endringa har tredd i kraft.

I Tokke ligg same endring klar for helsesenteret på Dalen i nær framtid, medan dei på Høydalsmo alderspensjonat alt no et middag mellom 16.00 og 17.00.

I Vinje kan dei melde at dei har prøvd dette tidlegare, men at dei etter førespurnad frå brukarane sjølve bytta tilbake til tidleg middagstid.

I Fyresdal ser dei ikkje bort frå at dei kanskje vil prøve seg på ei endring snart.

Artikkelen held fram under annonsen.

I alle kommunane seier dei at dei serverer frukt og anna som faste mellommåltid. Slik ser måltidstidene ut i Vest-Telemark-kommunane:

POS i Fyresdal:

Frukost: 08.45 (09.00 i helga)

Middag: 12.30

Kake og kaffi: 14.00

Kveldsmat: 16.30

Seinkvelds: 19.00

– Me har det også slik at det er mat tilgjengeleg på avdelinga heile døgnet. Når det gjeld å innføre seinare middag så er det ikkje nokon plan for det i nærmaste framtid, men det er noko me må jobbe med på sikt. Det er eit aktuelt tema som eg synes det er spennande å sjå på, seier Liv Lassemo, avdelingsleiar for kjøken og vaskeri i Fyresdal.

Artikkelen held fram under annonsen.

NOS i Nissedal:

Frukost: 09.00

Lunsj: 12.30 (13.00 i helga)

Middag, kake/dessert og kaffi: 15.30

Kveldsmat: 19.00 (18.00 i helga)

– Me endra tidene 29. mai, så det er for tidleg å seie noko om effekten av dei her enno. Nissedal vil vurdere effekten i tida som kjem, både med tanke på snittvekt og søvn. Maten her serverast i bordfellesskap eller på eige rom, individuelt tilpassa. Tider kan òg tilpassast behov frå dag til dag, seier Astrid Eidem Nordal, avdelingssjukepleiar i Nissedal kommune.

Nesbukti i Seljord:

Frukost: Fleksibelt frå 8.00

Artikkelen held fram under annonsen.

Lunsj: 12.30

Middag: 15.30

Kveldsmat: 19.00

– Sidan 1. mars har me på skjerma avdeling på Nesbukti flytta middagen frå 12.30 til 15.30. Me har innført eit måltid ekstra i døgnet, slik at brukarane no får fire måltid til dagen. Me skulle i fyrste omgang prøve det ut hjå oss på skjerma, sidan me er ei lita avdeling og ikkje hadde behov for å gjera endringar i bemanninga. Me har også snakka om det lenge, så når det kom ei bestilling frå politikarane var me ikkje seine med å ta den utfordringa. Det har fungert veldig bra. Brukarane er mette og fornøgde etter siste måltid. Det er rett og slett ei stor endring. Dei søv betre om natta og det er mindre uro elles i avdelinga. Me står òg friare til å finne på aktivitetar på føremiddagen, då me slepp å stresse inn til middag 12.30. Lunsjen kan me ta ute om me vil. Personalet er storfornøgde med endringane og vil ikkje tilbake til dei gamle måltidstidene, seier Kristin Aaamot, leiar av avdelinga for demente på Nesbukti.

Vinje sjukeheim:

Frukost: Fleksibelt

Middag: 13.00

Kaffi og kake: frå 15.30

Kvelds: 17.30

Suppe: fleksibelt mellom 20.00 og 22.00

Norheimstunet omsorgssenter:

Frukost: 08.15

Middag: 13.00

Kaffi og kake: 14.30

Kveldsmat: 18.00

Seinkvelds: 20.00

Rauland omsorgssenter:

Frukost: fleksibelt frå 08.00

Middag: 13.00

Kaffi og kake: 15.30

Kveldsmat: 17.30

Seinkvelds: frå 20.00

– Måltidstidspunkta er fleksible så langt det let seg gjere. Dette slik at dei skal vere så individuelt tilpassa som mogleg. Me har hatt periodar der me har hatt endra måltidstidspunkt for middag, seinast ved Norheimstunet no i vår. Der har me valt å gå attende til det tidlegare tidspunktet etter brukarane sitt eige ynskje. Ved sjukeheimen har det vore gjort slike endringar tidlegare. To av gruppene på sjukeheimen hadde over ein lengre periode middagsmåltidet kl. 16.00. Også her har me valt å gå attende til det tidspunkt ein hadde tidlegare – med same grunngjeving. Me har valt å ta andre innfallsvinklar, me fokuserer på det siste måltidet på dagen og at det ikkje skal vere for lang tid mellom måltid. Me deltek også i eit prosjekt i regi av pasienttryggleiksprogrammet, som heiter førebygging av underernæring, seier Kari Dalen, einingsleiar for helse og omsorg i Vinje kommune.

Tokke helsesenter:

Frukost: 8.30–10.00 (fleksifrukost på ei avdeling med buffet, mellom kl. 8.30 10.00. Dei andre avdelingane et mellom 09.00–10.00)

Middag: 12.30

Kaffi og kake: 15.15

Kveldsmat: 18.00

Tidene i Tokke blir endra etter ferien. Då vil det bli servert lunsj 12.15, middag 15.30 og kveldsmat 19.30.

– Eg har snakka med Kristian Versto i Kviteseid, og han hadde bare positive tilbakemeldingar frå brukarane og dei tilsette. Målet er å få ned timane på nattfasten, det er for mange timar mellom kvelds og frukost. Då blir pasientane urolege. Dei påstår no at dei søv betre. Det er viktig å tilpasse dette riktig, slik at det kan fungere bra. Kanskje brukarane kan legge seg litt seinare òg. At alle rutinar må forandrast. Det er viktig at me har dialog med sjukeheimane som er fyrst ute med å prøve. Difor har me faste møte med Fyresdal, Kviteseid, Bø, og Nome og Hjartdal kommunar, der me diskuterer dette mykje no, seier kjøkensjef ved Tokke helsesenter, Solveig Oppebøen.

«Telemark legges ikke ned!» Ytringar på side 24.