Ap-representantane røysta for å seie nei til felles Nav-kontor, og fekk med seg to Sp-røyster.
Ap-representantane røysta for å seie nei til felles Nav-kontor, og fekk med seg to Sp-røyster.

Minste kommunen sa nei til felles Nav-kontor

Posisjonspartiet Ap og to Sp-politikarar i Fyresdal ynskjer ikkje at kommunen skal vere med på etablering av felles Nav-kontor i Vest-Telemark. Det blei peika på at nærleiken til brukarane er viktigare enn sentralisering og robuste einingar.

Fyresdalrådmann Ketil O. Kiland tilrådde torsdag kommunestyret å gå inn for eit felles Nav-kontor i Vest-Telemark, lokalisert til Dalen. 

Som fyrste på talarstolen viste Nils Kristian Moe (Ap) til noko som stod i saksutgreiinga: Betre tenester for brukarane i regionen, fleire i arbeid og færre på stønad er noko av målet med å samle Nav.

Artikkelen held fram under annonsen.

– For min del må eg innrømme at eg ikkje har heilt trua på det. Eg har ikkje trua på at det blir betre på desse områda ved å ta Nav vekk frå brukarane ved å bygge ned i Fyresdal. Det blir sagt at det skal vere avdeling her og ha oppsøkjande verksemd – eg er redd det ikkje vil bli slik, sa Moe.

Seie stopp

Han registrerte at det er eit veldig sterkt ynske å ha store robuste einingar og fagleg utvikling.

– Eg tenker at nå må me seie stopp. Me kjem ikkje til å ha att noko som helst i Fyresdal om me skal samle alt som finst. Eg ser at dei som jobbar på Nav har behov for fagleg utvikling, heve kompetansen og så vidare, men då tenker eg at den digitale verda har kome så langt at det går an å samarbeide sjølv om ein sit i Fyresdal og rundt forbi i kommunane. Det bør ein klare, sa Moe.

På vegne av Ap kom han med endringsforslag om at Fyresdal ikkje ynskjer å vere med på etablering av felles Nav-kontor i Vest-Telemark.

– For oss er nærleiken til brukarane viktigare enn sentralisering og robuste einingar, avslutta Moe.

Skuffa

Tone Irgens Veum (Sp) blei skuffa over forslaget.

– Alle dei andre fem kommunane har gått inn for felles Nav-kontor. Eg trur me gjer ein tabbe om me ikkje går inn for dette. Eg trur me kjem til å øydelegge mykje for Fyresdal som ein del av Vest-Telemark. Det er ei veldig defensiv innstilling med tanke på at det ikkje er vilje til å samarbeide med andre – me kan bli ståande veldig aleine til slutt. Eg trur ikkje me har nokon sjanse til å stå aleine med to medarbeidarar på Nav-kontoret i veldig mange år framover. Eg trur det blir vanskeleg å rekruttere til eit lite Nav-kontor i Fyresdal, som blir ein bittelillebror til eit eventuelt større kontor i Vest-Telemark – viss det blir noko då om ikkje Fyresdal blir med, sa Veum.

Svekker etableringa

Per Helge Seltveit (Sp) slutta seg heilt til det Veum hadde sagt, og la til at 35 tilsette på eit felles Nav-kontor på Dalen vil vere eit fenomenalt fagmiljø.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ikkje kom og seie at to Nav-tilsette i Fyresdal kan tilby noko betre enn 35 på Dalen. Eg kan ikkje forstå logikken. Skal eg forhalde meg til Nav om litt vil eg heller oppsøke eit kontor med 35 kompetente personar enn med to som umogleg kan dekke heile fagfeltet. Korleis de kan seie nei til det flotte fagmiljøet på Dalen når nesten alle veit at framtida for eit tomanns-kontor i Fyresdal ser veldig mørk ut … De er med på å svekke etableringa av eit sterkt og flott kontor på Dalen. Eg begrip ikkje kva Ap og moglegvis nokon i Sp tenker med, sa Seltveit.

På villspor

Ordførar Erik Skjervagen (Ap) syntest det var interessant med Sp og spesielt argumentasjonen til Seltveit.

– Eg er veldig overraska over at du tør argumentere som du gjer, sa ordføraren. 

Han syntest det høyrdest ut som både Seltveit og Veum var varme Frp-tilhengarar – at alt som tel for brukarane er store og robuste einingar.

– Analysen din er ikkje korrekt, du er heilt på villspor, sa ordføraren til Seltveit.

Skjervagen meinte det var klar samanheng mellom kvar folk bur og jobbar.

– Dei fleste Nav-tilsette bur i Tokke og Vinje, fordi det var felles kontor på Dalen. Folk flytter og etablerer seg der kontoret er, sa ordføraren.

Så minna han om at det finst effektive måtar å kommunisere på i dag.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein skulle tru at digitalisering fører til det motsette enn det Sp argumenterer for. Me skal bruke digitalisering for å få fleire arbeidsplassar i distriktet, ikkje for å flytte tenestene bort frå brukarane – det gjev neppe ei betre teneste, sa ordføraren.

Er ferdige

Veum var frampå at for å seie at eit kontor med eit par Nav-tilsette i Fyresdal kan ein ikkje rekne med å ha lenge, for her er det andre som styrer. Vidare minna ho om at i samband med eit felles Nav-kontor har alle kommunane vore oppteken av brukaranes beste.

– Det er ingen som seier at folk må reise til Dalen, dei skal få tenester der dei bur, sa Veum.

Ordføraren syntest det ville vore ein ganske interessant diskusjon om tenestene blir betre eller dårlegare av å ha felles kontor som er lenger borte frå brukarane. Viss ein berre går for felles kontor på alle område, meinte ordføraren det ikkje ville vere att kompetansearbeidsplassar i Fyresdal til slutt.

– Viss me fylgjer linja fullt ut som Sp argumenterer for nå, er me ferdige som eigen kommune, sa Skjervagen.

Tragisk

Før avrøystinga ynskte Seltveit å kommentere uttala frå ordføraren at folk vil bu der dei jobbar på kontor. Seltveit opplyste at ved Mattilsynet i Seljord bur to av dei tilsette i denne kommunen, og resten i nabokommunane.

Seltveit avslutta med desse orda mot Ap om at ein må gå for felles Nav-kontor:

– Me må styrke Vest-Telemark. Det de gjer er å fragmentere Vest-Telemark og svekke regionen slik at alt til slutt hamnar utanfor. Eg synest det er tragisk. 

Artikkelen held fram under annonsen.

I avrøystinga viste det seg at Guro Blessum Libjå og Thor Inge Levang, båe Sp, var samd med dei ti representantane i Ap om å seie nei til felles Nav-kontor.