– Vegstenginga vil påverke kommunens moglegheiter for å levere tenester til innbyggjarar i området

Åmotsdalsvegen vil vera stengt fram til geolog har undersøkt rasstaden.

No er det sett opp skilt både ved Straume og Nutheim som markerer at Åmotsdalsvegen (fylkesveg 3422) er stengt.

Det var tidleg måndag morgonen at det gjekk eit jordras på vegen, 2,4 kilometer frå Nutheim.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Området der skred har gått er rydda i dag av Mesta, men vegen blir ikkje opna før geolog har undersøkt området, noko som etter planen skal skje tysdag føremiddag, skriv Seljord kommune på heimesida si måndag ettermiddag.

Vegstenginga vil påverke dei som bur i området der vegen er stengt.

– Elevar som er forhindra frå å kome seg til skulen vil få nærmare beskjed frå skulen om korleis ein skal handtere situasjonen. Skulen vil leggje til rette for heimearbeid. Heimetenester blir levert med noko reduksjon, naudsynt bistand i heimen blir gjort ved omkøyring om Øyfjell. Det er personell på Steinmoen bu- og servicesenter som kan vere til hjelp ved behov, melder kommunen.