Frigjev namnet på mannen som omkom i trafikkulykka på E134

Knut Arnfinn Kåsene (70) frå Seljord omkom i trafikkulykka på E134 i Seljord onsdag.

Namnet på den omkomne blir frigitt av politiet i samråd med dei pårørande.

Ein mann i 70-åra frå Oslo er sikta etter dødsulykka og har fått førarkortet beslaglagt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etterforskinga til nå tyder på at den eine bilen har kome over i motgåande køyrefelt og treft bilen den omkomne sat i. Ytterlegare ein bil blei treft som fylgje av kollisjonen.

Les også
Trafikkulykka på E134: Lokal mann i 70-åra omkom
Les også
Bekymra etter ny dødsulykke: – Å ferdast i trafikken er noko av det mest risikofylte me er utsett for