Oppmoding: Leiar i trafikkutvalet Anne Nora Oma Dahle og fylkesordførar Sven Tore Løkslid oppmodar ungdom til å ta vare på kvarandre når dei ferdast langs vegen i travle maihelger.

Kjem med innstendig oppmoding til ungdomen før festsesongen: – Hugs på at det er nokon som ventar heime og som er glad i deg

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid og leiar for Trafikksikkerheitsutvalet, Anne Nora Oma Dahle kjem med ei innstendig oppmoding til telemarksungdomen før langhelgene i mai.

– Ta vare på kvarandre og køyr forsiktig, lyd den.

I mai-helgene er det ofte meir trafikk enn normalt på vegane, og dette er årsaken til at dei to fylkespolitikarane no kjem med oppmodinga, i form av ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ungdom samlar seg, ikkje minst i samband med russetida. Det er så viktig me tek eit felles ansvar for at alle kjem trygt fram og tilbake, me har ingen ungdomar å miste, seier Løkslid.

I fjor omkom 113 personar i trafikkulukker på norske vegar. Av desse var 28 under 24 år. Kvar dødsulukke har ein rekna samfunnskostnad på mellom 30–35 millionar kroner.

– At ein fjerdedel av dei som døyr i trafikken er ungdomar kan me ikkje leva med. Den samfunnsmessige kostnaden knytt til eit trafikkdødsfall er ingenting samanlikna med den tragedien ei slik ulukke er for ein familie og eit lokalmiljø, seier Oma Dahle.

Statistisk sett er det aldersgruppa unge vaksne som er mest utsett når dei er sjåførar eller passasjerar.

– Det er fleire årsaker til dette, men faktorar som manglande erfaring, manglande ferdigheiter, samt auka vilje til å ta risiko kan spele inn, heiter det i pressemeldinga.

– Hugs at det er nokon som ventar heime og som er glad i deg

Løkslid og Oma Dahle oppmodar ungane til å ta vare på kvarandre for å unngå ulukker.

– Det handlar om å ta vare på seg sjølv og på venene sine. Den som køyrer må køyre forsiktig, og dei som er passasjerar må tørre å seie frå dersom dei opplever kyøringa som skremmande på ein eller anna måte, seier Løkslid.

Han peker på at alle har et ansvar for å seie frå dersom nokon ruskøyrer, ikkje er merksame eller ikkje brukar bilbelte, og utfordrar ungdomane på å vera tøffare til å seie frå.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Uansett om du er sjåfør eller passasjer så hugs på at det er nokre som ventar heime og som er glad i deg, seier Oma Dahle.