Politistasjonssjef: Sigrid Dahl, politistasjonssejef for Midt- og Vest-Telemark.

Bekymra etter ny dødsulykke: – Å ferdast i trafikken er noko av det mest risikofylte me er utsett for

Politistasjonssjef Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark ber folk vera merksame i trafikken.

Onsdag mista ein lokal mann i 70-åra livet i ei trafikkulykke på E134 i Seljord. Ein mann i 70-åra er sikta i saka og har fått førarkortet beslaglagt.

Etterforskinga til nå tyder på at den eine bilen har kome over i motgåande køyrefelt og treft bilen den omkomne sat i. Ytterlegare ein bil blei treft som fylgje av kollisjonen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Den sikta sjåføren blei avhøyrt på staden, men politiet skal snakke meir med han. Krimteknikarar og ulykkesgruppa til Statens vegvesen har vore på ulykkesstaden.

Det er 80-sone på staden. Det er tatt utvida blodprøve av mannen som er sikta i saka.

Same dagen som dødsulykka i Seljord, var det ei alvorleg ulykke på Rv36 på Fen i Ulefoss. Dei siste vekene har det vore mange trafikkulykker både lokalt og nasjonalt – fleire av dei med verst tenkeleg utfall.

– Eg er bekymra, seier politistasjonssjef Sigrid Dahl.

På generelt grunnlag bed ho folk vera merksame i trafikken og bruke bilbeltet.

– Å ferdast i trafikken er noko av det mest risikofylte me er utsett for, seier Dahl.