NM-debutantar: Daniel Cohen (t.v.) og Vegard Gjelstad i ein pause under den hektiske NM-finalen på Forus i helga.

Daniel og Vegard møtte noregseliten i bridge. – Neste gong skal me jammen ha høgare mål

Seljordingane Vegard Gjelstad (35) og Daniel Cohen (45) deltok i helga i bridge-NM for par på Forus i Stavanger. Etter å ha overraska stort innleiingsvis, blei det tyngre og tyngre mot slutten av turneringa. Til slutt enda dei på ein 42.-plass av 54 par.

For å kunne delta i NM for par må ein gjennom kvalifisering. For Telemarks del var den i Kragerø i mars i år, og etter ein sterk andreplass der var det klart at Vegard og Daniel var klare for NM-finale i Stavanger. For øvrig andre gong eit Vest-Telemarkpar representerer Telemark i ein NM-finale. Sist gong var i 2003 – også då var det eit seljordpar som kom seg gjennom nålauget, Tor Arne Råmunddal og Vetle Skori.

Turneringa starta fredag føremiddag og slutta først på ettermiddagen sundag. Etter ein litt nølande start, fekk paret verkeleg fart på sakene og spela seg stadig oppover på resultatlista. På eit tidspunkt tidleg på ettermiddagen laurdag var seljordingane oppe på ein sensasjonell 9.-plass på ei liste med det som kan krype og gå av eliten blant norske bridgepar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Men verken Daniel eller Vegard spelar mykje bridge saman for tida og det skulle merkast når det drog seg til sluttspurt på sundag.

– Me begynte å slite etter pause på laurdag og me gjorde ein del unødvendige feil både i meldingar og speleføring av korta, og då rasar dei inntente poenga fort ut. Då me kvelda på laurdag hadde me mista dei 135 plusspoenga me hadde og låg på ca. null, det vil seie midt i det 54 par store feltet, fortel dei til VTB.

Sundag gjekk det resultatmessig vidare nedover på lista, men dei to synest eigentleg dei kunne gjera lite med det.

– Mykje ufortent minus på sundag. Me spela ganske bra, men fekk det meste i fleisen. Målet vårt var å halde fem par bak oss, nå blei det 12 par bak, så me er godt fornøgde, seier Cohen på veg heim frå Stavanger sundag kveld.

– Det er kjempemoro å møte noregseliten og det freistar til gjentaking. Men då skal me jammen ha høgare mål, avsluttar Cohen.

Det må nemnast at Telemark hadde fire kvalifiserte par med i finalen. Sverre Pallesen med makker Arild Årmot, Kai Jørstad og Odd Frydenberg, og Skiensparet Andre Øberg og Geir Egil Bergheim. Alle enda bak seljordparet. Det skal òg nemnast at Erik Eliassen, utflytta seljording tok ein strålande 10.-plass saman med makkaren sin Bjørn Børre Leinan. Dei to representerte NBF Rogaland.

Suverene vinnarar og noregsmeistrar blei Boye Brogeland og Christian Bakke, som også representerer NBF Rogaland.