
Kroken som ikkje krev noko tilbake
Dagleg leiar Mai Kile (35) håpar folk vil få glede av det nye tilbygget til Joker Fyresdal. – Tanken er at det ikkje skal koste noko. Ein kan også berre sitje her, seier ho om det nye møterommet «Joker-Kroken».
Kile håpar å sjå både gamle og nye fjes i den nye Joker-Kroken som opna 1. juli. Møterommet er ein del av det nye tilbygget på 50 kvadratmeter som inkluderer eit nytt og utvida inngangsparti. Investeringa fekk tidlegare i år 225 000 kroner i stønad frå eit samrøystes Fyresdal formannskap som la vekt på verdien av den sosiale møtestaden og satsinga på blomsterutsal.
Den daglege leiaren var berre 20 år då ho i 2010 tok over butikkdrifta som besteforeldra grunnla i 1958. 15 år er seinare held butikken på den grunnleggjande tanken om å tilby meir enn berre daglegvarer.
– Det er i bestefars ånd dette med å drive med så mange ting på likt, seier Kile som i både 2017 og 2024 har fått butikken heidra som den beste jokeren i region søraust.

Fast kaffigjeng
Kvar einaste dag står det nokre karar klare før opning for å kome inn på Joker og ta morgonkaffien saman. Daglegvarebutikken har vore ein fast møtestad heilt sidan etableringa. Kile meiner det er viktig å tilby ulike møteplassar, og ikkje tru at alle passar inn på ein stad. At det skal vere kjent og trygt trur ho er viktig for den faste kaffigjengen, som no får sin eigen krok i ly for støyen frå panteautomaten og kassa.
– Eg ser liksom ikkje for meg denne gjengen samlast på kafé inne i sentrum. Det blir noko anna, seier ho og fortel at gubbane pratar, les aviser og drikk kaffi godt utover morgonen.


Noko fornying skal ein likevel ha, og i kroken i Joker-kroken står den nye Bravilor Bonamat-kaffimaskina til heile 60 000 kroner.
– Det er jo spesielt å bruke så mykje på kaffimaskin når eg ikkje drikk kaffi sjølv, smiler Kile.
Ho håpar den både er enkel å bruke for den faste gjengen, og kan lokke til seg dei som ynskjer ulike kaffivariantar eller kakao. Med Nabo-avtala på 399 kroner får ein sin eigen kopp med namn på, og kan fylle så mykje ein vil heile året. Koppen har slagordet «Den gode naboen», som Joker tok i bruk i 2022.
Sjølv om morgongjengen for lengst har reist for dagen, kjem ein av dei med fast kopp innom under intervjuet for litt kaffi etter handleturen. Han meiner VTB «berre kan prøve seg» med å få eit bilete av han i avisa, men er einig i at kroken har blitt veldig fin, sjølv om han er noko skeptisk til den nye maskina.
Rom for alle
Det er likevel ikkje berre for den faste gjengen at rommet er designa. Alle er velkomne, til dømes som eit pustestopp i ein hektisk kvardag.
– Mange her bur langt oppi grendene, og rekk til dømes ikkje heimom mellom jobb og skule på dagen, og fritidsaktivitetar på kvelden, seier Mai, som sjølv har ungar på 3 og 11 år og kjenner kabalen godt.
På Joker leverer dei nysteikt pizza frå bakrommet, eller ein kan ordne seg eit kjapt mikromåltid eller noko frå salatbaren. Det er også viktig å få fram at ein ikkje skal kjenne seg pressa til å handle noko for å nytte sitjeplassen, til forskjell frå kafear og restaurantar.
– Tanken er at det ikkje skal koste noko, ein kan også berre sitje her, seier Kile.


Under bygginga spurte ho dei yngste tilsette om kva ungdomar som dei sjølv treng for å nytte ein slik plass. Svaret var enklare enn ein kanskje skulle tru, med berre tre punkt: mogelegheit for lading, sitjeplass og varme.
– Eg tenkte at det skal me nok få til, ler Mai og seier at dagens ungdom kanskje ikkje er så kravstore som folk trur.
– I går kveld var det ein jentegjeng som sat her, det var triveleg å sjå, seier ho.
Frå den mjuke sofabenken ser me ut på leikeplassen som knapt er fem år gamal. Med ladestasjon, tømmestasjon, bensinstasjon og butikk på området blir plassen godt bruka. Frå kroken og ut mot leikeplassen vil det kanskje dukke opp ein platting etter kvart.

Blomar, band og bratt læringskurve
Tilbygget er også sett opp av ein annan triveleg grunn: plass til blomar. Ei av dei tilsette, Annette Lund, har jobba i blomsterbutikk i mange år, og var stor pådrivar for at Joker skulle satse større då blomsterbutikken i Fyresdal sentrum la ned i fjor. No blir kundane møtt av blomsterutsal både ute og inne, og Lund tar ansvar for å sjå til dei mange vekstene.

Då bestillingar av blomar til gravferd kom inn, måtte Joker også ta ansvar for banda med takk og helsing. Leiinga stupte inn i utfordringa med hender og hovud.
– I starten skreiv eg for hand, for me hadde jo ikkje slik printer. Det tok ikkje lang tid før nakken sa stopp, fortel Mai, og innrømmer at ho ikkje er den beste til å seie nei. I vinter kjøpte ho inn eigen skrivar til banda, og sidan har det balla på seg.
– Me har diverre hatt unormalt mange gravferder her i det siste, og det har vore mange bestillingar. Det krev mykje tids og planlegging, men folk set stor pris på at me framleis har eit nært tilbod. Mange ynskjer jo å kome innom sjølv og sjå på blomane før dei handlar, seier Mai som same dag har levert rundt 20 einingar til gravferda i bygda.
