Fekk pokalen: Gutane parkerte Herkules i sesongens siste kamp. Etterpå fekk dei ein velfortent pokal som vinnarar av serien. Bak frå venstre: Thomas Falck (trenar), Saamund Bakkemoen, Andreas Østbø Funner, Mathias Rue Rinden, Hussein Shaker, Gaute Hvistendahl, Tobias Nekstad Grave, Titas Sabunas, Jarand Sudgarden, Edvard Telnes, Jan Rune Grave. Framme frå venstre: Torleiv Hvistendal, Herman Jordbakke Sigstad, Oddbjørn Flatland Høydahl, Olav Johannessen, Vetle Gunvaldjord, Aksel Aamlid, Bjørnar Klingan og Erlend Slettemeås.

Suverene i sesongens siste kamp og vann serien. – Det var digg!

På dei siste 24 kampane har Seljord G14 berre tre tap. Siger vart det også i sesongens siste kamp på Eventyrøy onsdagskveld. Dermed kunne gutane lyfte pokal som serievinnarar.

Publisert Sist oppdatert

Berre få minutt etter avspark på Eventyrøy onsdagskveld sette Tobias Nekstad Grave ballen sikkert i mål. Dermed var målfesten i gang. Fire gonger til plasserte heimelaget ballen mellom stengene til gjestene frå Herkules før dommaren bles til pause. Saamund Bakkemoen og Herman Jordbakke Sigstad scora kvart sitt mål, medan Mathias Rue Rinden sette ballen i nettet to gonger.

Onsdagen kamp var sesongens siste, og svært viktig for laget frå Seljord som har utmerka seg denne sesongen. Før onsdagens kamp toppa Seljord tabellen med 15 poeng, men Tollnes 1 hadde like mange poeng. Dei spelte sin siste kamp samstundes som Seljord. Målforskjellen derimot, var solid i Seljord sin favør – Tollnes hadde + 5, mot Seljord sine + 18.

Seljord styrte det aller meste av spelet i 1. omgang, og Herkules klarte aldri å bli farlege mot Seljord sitt mål. I 2. omgang fekk bortelaget vist seg meir fram, men forsvaret til Seljord rydda stort sett opp. Nokre sjansar hadde også heimelaget i 2. omgang, men gjestene var nærast med eit skot i tverrliggar og ein målsjanse som var stoppa av ei god redning av keeper Andreas Østbø Funner.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS