Feiring: Gutane feira skikkeleg då dei tok leiinga 1-0 mot Skarphedin 2.

Suksess med spelarar frå tre kommunar: – Det er veldig gøy. Alle er kompisar, og det er god stemning på laget

I januar var det avspark for eit nytt fotballsamarbeid i Vest-Telemark. Med spelarar frå Kviteseid, Seljord og Tokke har spelarane på G-16 stifta nye vennskap og hatt ein positiv utvikling på banen.

– Det er veldig gøy. Alle er kompisar, og det er god stemning på laget, seier Lukas Brekke Moore frå Morgedal.

Olav Hagen frå Dalen er einig.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ja, det er bra å bli kjent med folk frå andre plassar også, seier han.

– Men det blir litt meir køyring?

– Ja, men det er verdt det når det er så bra, smiler Olav.

På tvers av kommunane: Lukas Brekke Moore frå Morgedal (f.v.), Olav Hagen frå Dalen og Baha Aliyehya frå Seljord er fornøgde med å gå på G-16, eit lag med spelarar frå Kviteseid, Seljord og Tokke.

Gutelaget har åtte kviteseidingar på laget, fem frå Seljord og tre frå Tokke. Den yngste er tretten og eit par av spelarane er sytten. Trenarane fortel at laget har hatt ein veldig progresjon sidan dei starta treningane i januar.

– Me vart rundjula dei fyrste kampane, men dei har hatt ein veldig utvikling. I denne alderen blir dei betre og betre for kvar trening, fortel Roy Olav Riis frå Kviteseid.

– Det er vanvettig godt miljø i dette laget. Det er ingen grupperingar så det er veldig bra, legg han til.

Riis er trenar saman med Svein Erik Hagen og Geir Berdalen frå Åmdal og Jan Marcus Hjertås frå Kviteseid. To gonger i veka trenar dei og gutane blir pusha litt, og det får også resultat.

– Dei knakk koden på Norway Cup, og i haust har dei ikkje tapa og berre sloppe inn eitt mål, fortel trenar Hagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nå håpar trenarane at dei får endå fleire spelarar neste år, at dei får behalde dei som ikkje blir for gamle, og at kanskje nokre nye kjem til.

God stemning: – Alle er kompisar, og det er god stemning på laget, seier kaptein Lukas Brekke Moore. Her er laget samla før sesongens siste heimekamp. Bak frå venstre: Baha Aliyehya, Brage Kleiva-Romtveit, Marius Riis, Jon Lindheim, Alexander Slettemeås, Lukas Brekke Moore, Olav Hagen, Kent Ronny Nielsen Sigurdslid og Peter Fosli Stenseth. Framme frå venstre Vemund Aamot, Eric Samuel, Christian Aarbakk Magnushommen, Erlend Aarbakk, Fredrik Kabbe Berdalen og Ali Ahmad Alhamid-Almohamad.

God på forsvar og kondis

Onsdagskveld var det klart for sesongens siste heimekamp. Laget frå Vest-Telemark tok imot Skarphedin 2 på kunstgrasbanen i Kviteseid.

Lukas, Olav og Baha var spente før avspark.

– Me er spente, dette er ein viktig kamp, fortel lagkaptein Lukas.

Før onsdagens kamp leiar dei tabellen, men kvar dei hamnar til slutt avheng også av korleis Gulset 2 gjer det på slutten av sesongen.

– Kva er styrken i laget?

– Me er gode i forsvar, seier Lukas.

– Og så har me god kondis. Det kan me takke trenarteamet for, legg han til.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Køyrer de dykk hardt?

– Nja, men dei er snille også.

– Korleis er konkurranseinstinktet i laget?

– Det er bra. Å vinne er den beste kjensla, seier Lukas.

Det er heimelaget som kjem best i gang, og Alexander Slettemeås scorar for heimelaget. Rett før pause utliknar Skarphedin, men i 2. omgang finn gjestene nettmaskene nok ein gong og kampen endar 1-2.