Førebur seg på NM i skiorientering: Kjetil Kvaale (f.v.), Oddbjørn Tellefsen og Asbjørn Byggland frå Høydalsmo IL ser fram til NM i skiorientering i Høydalsmo fyrste helga i februar.
Kari Smeland
Snart blir det NM. – Alt frå mosjonistar til verdseliten
1. og 2. februar blir det NM i skiorientering i Høydalsmo. Arrangørane håpar på minst 200 deltakarar i publikumsklassene kvar dag.
– Me håpar at det er nokon rundt omkring i Vest-Telemark som vil vere med, seier Asbjørn Byggland frå Høydalsmo IL.
Idrettslaget har tatt på seg oppdraget med å arrangere NM i skiorientering for junior og senior, og Hovudløp for 14- og 16-åringar 1. og 2. februar.
I tillegg blir det klasser for alle som vil prøve seg, såkalla publikumsløp. Det er her Byggland håpar skiglade vesttelar finn fram skia og blir med. Han fortel at alle som kan gå på ski kan vere med i publikumsklassene.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP