Klare for sin fyste kamp i Norway Cup: Bak frå venstre: Baste Ljosstad, Einar Høgetveit, Mikkel Døli, Torjus Skjellaug, Martin Dahle Auestad, Øystein Verpe og Abdulkarim Khalifia. Framme frå venstre: Knut Jørgen Askje, Kian Prent Blomhaug, Dobrynja Volgin, Jon Haugland, Torstein Småbrekke og Gebressilassie Fiseahy Tesfageris.

– Me har aldri spela 11'er fotball før. Men me får berre prøve vårt beste

Norway Cup blir rekna som ei av verdas største fotballturnering. Ti lag frå Vest-Telemark deltek, men for spelarane er det sosiale minst like viktig som resultata på banen.

I klassisk norsk sommarvêr, med sol og regn om kvarandre, skulle Åmdal Tokke gutar 13/14 spele sin fyste kamp i cupen sundag 29. juli. Stemninga i campen var spent før kampstart.

– Me har aldri spela 11'er fotball før. I serien brukar me å spele 7'er, så det er ein veldig stor overgang. Men me får berre prøve vårt beste, seier Abdulkarim, 13 år og keeper på laget.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klar for å redde mange skot mot mål: Abdulkarim Raslam Khalifia 13 år er klar som keeper for Åmdal Tokke FK gutar 13/14.

Motstanden som møtte dei var tøff, og sjølv om gutane kjempa iherdig mot Nesodden, enda kampen i 0-4 tap.

Men Norway Cup handlar like mykje om det sosiale som fotballen og Abdulkarim fortel at uansett korleis kampane går så er det viktigaste å ha det gøy.

– Det er veldig moro her. I går var det konsert på Ekeberg og i kveld skal me ut å ete pizza og bowle, så det gler eg meg til.

Kjempa hardt: Åmdal Tokke FK gutar 13/14 kjempa hardt mot Nesodden. Torstein Småbrekke (13) på veg inn i duell mot ein av spelarane frå Nesodden.

Det viktigaste er å ha det moro

Eitt av dei andre Vest-Telemark-laga som deltek i årets Norway Cup er Seljord jenter 17. Også dei spelar 11er for fyste gong. I fjor gjorde dei det særs bra, med ein 2.-plass i B-sluttspelet. I år fortel jentene at det viktigaste for dei er det sosiale.

– Dette er det siste året me får vere med på Norway Cup, og derfor tenkjer me at det aller viktigaste er at me har det moro – uavhengig av resultata, fortel Maren M. Heggtveit (16).

– Men det er alltid ekstra moro å vinne – og det er jo det me går inn for når me skal spele kamp, er Sigrid Lien Kittelsaa (16) rask med å leggje til.

Stas å vere på Norway Cup: Maren Jordbakke Sigstad (f.v.), Julianne Dyrland, Maren Martinsen Heggtveit og Sigrid Lien Kitelsaa synest det er stas å vere med på Norway Cup. – Det er veldig moro, spesielt med alle gutane, fortel jentene og ler godt.

Jentene fortel at dei er eit «ordentleg bygdelag» som har lånt spelarar frå andre klubbar for å få nok spelarar til eit 11'er lag. I sundagens kamp mot Levanger FK har dei, trass i lån, ingen innbytarar.

– Det blir ein hard kamp, utan innbytarar blir ein fort sårbar, fortel trenar for laget Heidi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Full fart mot mål: Julianne Dyrland (16) hadde mange sterke løp mot mål under kampen mot Levanger FK jenter 17.

Kampen blei hard og enda dessverre i 0-4 tap mot Levanger FK. Men Seljord jenter 17 tapar og vinn med same sinn og dei har ingen planar om at eit tap skal øydeleggje stemninga;

– Norway Cup er moro uansett - me bur på skule og det er veldig sosialt. Det er noko som skjer heile tida, så ein er kanskje litt skuffa med ein gong, men ein gløymer det fort, fortel dei.

Ekte bygdelag: Bak frå venstre: Tiril Lie Ståland, Merete Myrvang, Isabel Grave Johnsen, Maren Jorbakke Sigstad, Sandra Haugen, Emma Hagen, Tuva Lie Ståland, Martine Hogstad Sveinsson. Framme frå venstre: Sigrid Lien Kitelsaa, Maren Martinsen Heggtveit, Julianne Dyrland, Åsne Manheim, Bettina Trangsrud Granberg og Helen Dahl Kasland.

Klubbane som stiller med lag frå Vest-Telemark er Åmdal Tokke FK, Seljord IL, Kviteseid IL og Treungen IL. Til saman er det 10 lag.

Kampane som gjekk på sundag enda med tap eller uavgjort for dei fleste laga, med unntak av Åmdal Tokke jenter 15/16 som vann heile 7-0 mot Høybråten og Stovner IL, og Treungen IL jenter 16 som vann 1-0 mot Tertnes Fotball Damer.