annonse

No ser Krog fram mot tre konkurransar på Lillehammer

Nye sjansar
Nye sjansar: Ingen går raskare i løypa enn Magnus Krog, men i bakken leitar han framleis etter forma. (Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix)

Ingen i kombinertverda går raskare i langrennsløypene enn Magnus Krog frå Høydalsmo. Men i hoppbakken leitar han etter tryggleiken. Den håpar han å finne på Lillehammer i helga.

Øystein Øygarden

– Eg manglar litt tryggleik på at det kjem til å fungere i bakken. Eg må berre ta sjansen, og prøve å jobbe meg gradvis framover i bakken, seier Magnus Krog mellom dei to fyrste verdscuphelgene i kombinert. 

Alt i helga kjem det nye sjansar for 31-åringen frå Høydalsmo. Det kjem faktisk tre sjansar. Fyrst er det eitt hopp og fem kilometer langrenn på fredag. Laurdag er 10 kilometer fellesstart, med hopp til slutt. Sundag blir trippelhelga avslutta med tradisjonelt renn (eitt hopp og 10 kilometer langrenn). 

– Eg må ta nokre poeng på fredagens konkurranse. Viss ikkje kjem eg til å starte langt bak i feltet på fellesstarten laurdag, seier Krog. 

Han fekk nemleg ingen verdscuppoeng frå opningsrennet i Ruka laurdag. Konkurransen blei ei reprise av NM førre helg: Dårleg hopp, men strålande langrenn. 

6 minuttar og 52 sekundar etter bestemann i hoppbakken gjekk Magnus Krog ut i dei finske skogane. Med eit hopp på 93,5 meter var utgangspunktet umogleg for 31-åringen frå Høydalsmo. Men Krog viste i alle fall at det akkurat no er ingen i kombinertverda som går raskare i langrennsløypene. Han kom i mål som nummer 34 – 5 minuttar og 22 sekundar bak Mario Seidl frå Austerrike som leia frå start til mål. Krog gjekk ti sekundar raskare enn Eero Hirvonen som hadde nest beste langrennstid.

Jarl Magnus Riiber sikra norsk andreplass. Japanske Yoshito Watabe blei nummer tre. 

Noreg stiller med heile elleve utøvarar til start på Lillehammer. 

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt komme med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lese det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame aksepterasr ikkje på vtb. Falske profilar blir utestengt. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterar.

annonse