Fekk krus: Lise Aarvik og Dagfinn Tveiten blei heidra med Seljord ILs innsatskrus.

Lise og Dagfinn blei heidra. Har stått på frå tidleg morgon til sein kveld alle dyrskudagane i over 20 år

Under årsmøtet i Seljord IL sist måndag vart Idrettslaget sitt innsatskrus tildelt Lise Aarvik og Dagfinn Tveiten.

Både Aarvik og Tveiten har gjennom sin innsats for idrettslaget før under og etter Dyrskun utført ein dugnadsinnsats som ligg langt innafor dette kravet. Begge har ytt ein stor innsats frå tidleg morgon til sein kveld alle dyrskudagane i over 20 år. Årsmøtet takka dei for denne viktige innsatsen for Seljord IL, skriv Hans Inge Hagen frå idrettslaget i ei pressemelding.

I statuttane for tildeling av kruset står det at kruset kan delast ut til medlem eller annan person som har gjort ein stor innsats for laget. Prisen skal henge høgt. Det kan takast omsyn både til aktiv idrett og administrativt arbeid. Innsatsen for laget bør ha strekt seg over tid (over 10 år).