Klar: Magnus Krog er med på det norske laget som reiser til Seefeld i helga.

Krog klar for Seefeld

Til helga er det klart for årets hovudmål for dei norske kombinertgutane, trippelen i Seefeld i Austerrike. Magnus Krog frå Høydalsmo er ein av ni som er tatt ut på det norske laget.

Krog sesongdebuterte i Val di Fiemme i januar, og førre helg vart han fjerde beste nordmann og nummer tolv under prøve-VM i Oberstdorf.

På fredag er det eitt skihopp og fem kilometer prolog, og dei femti beste frå prologen får starte på laurdagens renn. Laurdag er distansen tradisjonell med eitt hopp og ti kilometer langrenn, men deltakarane tek med seg resultata frå fredagens prolog. Det same gjeld i sundagens jaktstart, men då er det eitt hopp og 15 kilometer langrenn. På sundag får berre dei 40 beste stille til start, melder Norges Skiforbund i ei pressemelding.