NM-sylv: Ida Strigen tok sylv då Functional Fitnessforbund arrangerte noregsmeisterskap i Sandneshallen.

Ida (19) likar styrke aller best. I helga tok ho NM-sylv og snart skal ho vidare til VM i Mexico

Ida Strigen frå Kviteseid sikra seg sylv under noregsmeisterskapen i Functional fitness i helga. – Det er styrke som er mi greie, seier 19-åringen som nå skal vidare for å måle krefter i verdsmeisterskapen i Mexico i desember.

NM-sylv: Ida Strigen frå Kviteseid tok NM-sylv i klasse U20 under Norges funktional fitnessforbund sitt noregsmeisterskap.

Ida Strigen frå Kviteseid fekk sylv i klasse U20 under noregsmeisterskapen, den fyrste konkurransen ho har delteke på innan idrettsgreina functional fitness.

– Idretten har ei allsidig tevling der det er plukka element frå ulike idrettar som til dømes turn og vektløfting. Utøvarane må vise både styrke, kraft, uthald, koordinasjon og diverse kroppsvektøvingar, seier Strigen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Strigen deltok for Grenland Functional Fitnessklubb, men trenar til vanleg i Bø der ho også studerer eit årsstudium i idrett.

– Eg starta å trene desse type øvingar i august i fjor, og har lært mykje ganske raskt. Det er viktig å vere uthaldande, sterk og teknisk. Det er mellom anna kategoriar der ein går på hendene. Det er Ramon Marius Navarro som er trenaren min og han lagar opplegget mitt, fortel Strigen.

Ida har alltid lika å vere aktiv, og spela mellom anna fotball i oppveksten i Kviteseid.

– Då eg starta på vidaregåande i Bø, begynte eg å trene styrke på treningssenter.

– Kor mykje trenar du?

– Det varierer litt, men eg trenar stort sett to økter fem dagar i veka, med to kviledagar innimellom, fortel Ida.

– Eg er vand med å vere støl

Sist helg arrangerte Norges Functional fitnessforbund (NOR3F) noregsmeisterskap i Sandneshallen.

– Det var tungt og slitsamt å delta, men veldig givande og motiverande å sjå alle dei rå folka som var med. Ein ser kvar lista ligg, og kva eg må trene meir på. Eg var ganske støl etter tre dagar med konkurransar, men å vere støl er eg jo vand med, seier ho.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under arrangementet blei noregsmeistrane kåra i fire ungdomsklasser, to masterklasser og open klasse. I tillegg fekk beste mannlege og beste kvinnelege deltakar tildelt årets kongepokal.

– Kva kategori lika du best under NM?

– Styrke er nok det eg likar best, og då var eg best også, eg vann kategorien «styrketest». Innanfor olympisk vektløfting tar eg 80 kilo i «snatch» og 100 kilo i «clean and jerk». I vanleg styrkeløft 140 kilo i knebøy og 160 kilo i markløft, seier 19-åringen.

Til VM i Mexico

Sidan Ida sikra seg pallplass under noregsmeisterskapen, og ut frå prestasjonane ho viste i tevlinga, har nå Norges functional fitnessforbund bestemt at ho skal representere Noreg under verdsmeisterskapen 16. til 18. desember i Mexico.

– Ja, Ida er kvalifisert til å konkurrere i VM og skal til Mexico, stadfestar Hanna Venemyr Hildeskor, generalsekretær i NOR3F.

– Det blir gøy å få vere med på VM, eg gler meg, seier Ida nøgd.

Ho ser også fram til fleire konkurransar, som crossfit-open i januar og nye kvalifiseringar til NM neste år.

– Eg skal også vere med på NM-veka der eg skal konkurrere saman med ein partnar, seier den sterke kviteseidingen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Saman med trenaren: Ida Strigen saman med trenar Ramon Marius Navarro.
Functional fitness

Høgintensitetstrening for å yte meir og teste eigne grenser innan funksjonell styrke- og kondisjonstrening.

Ein idrett der allsidigheit er nøkkelen. Ein trenar både styrke, kraft, uthald, koordinasjon og kroppsvektsøvingar.

Når utøvarane tevlar (som i NM) er det sett saman ein individuell medley-konkurranse som er 6 forskjellige testar som representerer 6 forskjellige kategoriar og blir utført over 2 eller 3 dagar.

Kjelde: Nor3f.no

Alle deltakarane i ungdomsklassene: Ida Strigen tok sylv i U20 då Functional Fitnessforbund arrangerte noregsmeisterskap i Sandneshallen. Det var fem utøvarar som tevla i U20-klassa.