I morgon spring Herman NM-finale på 200 meter

Herman Hogstad Sveinsson (18) er klar for finalen i junior-NM i Bærum i morgon.

Han vann heatet sitt med tida 22.63. I semifinalen var han også best. Då blei tida 22.39. Det gjer at han er ein av åtte utøvarar i morgondagens finale på 200 meter blant 50 deltakarar i alderen 16 til 19 år.

Målet før avreise var finale på 200 meter. Far Bent Sveinsson meiner prestasjonen er blant dei største Herman har gjort på ein friidrettsbane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sveinsson klarte ikkje kvalifisere seg til 100 metersfinalen, men det var heller ikkje venta i møtet med 13-14 som hadde betre tid enn han denne sesongen.