På handballskule: Fyrste rad frå venstre: Janne Berit Nikkels, Arya Schølberg, Elena Schølberg, Gunnhild Sollid, Helene Skori, Synnøve Olavsdotter Valhovd, Øystein Byggland, Sjur Saxhaug og Lotta Reutz. Andre rad frå venstre: Ane Haugan, Soliana Zerezghi, Julie Wang, Oliver Kleiv Nilsen, Heine Råmunddal Skjerve, Sondre Martinsen Heggtveit, Eivind Olavsson Valhovd, Sondre Byggland, Henriette Larsen Berge og Marie Wang. Tredje rad frå venstre: Kristian Bjåland Moen, Johannes Fossan, Helene Sveinsson, Eline Edvardsen, Thea Nordgaard Johansen, Høye Klomset Lønnestad, Maren Norgaard, Madelen Østtveiten Andersen, Tuva Haugstoga og Elena Rådal. Bakerst: Saamund Martinsen Heggtveit, Alexander Norgaard, Ruweydo Abdullahi, Frida Reutz og Elias Norgaard Johansen.

Handballskule i haustferien: – Det er moro med så god respons

Seljord IL arrangerer i haustferien handballskule for alle mellom 6-12 år. Det var godt oppmøte då VTB møter dei tysdag morgon.

VTB møtte tysdag 36 ivrige handballspelarar i Granvin Kulturhus. I tre dagar skal dei lære seg handball og ikkje minst leike og ha det moro. Handballskulen er for alle mellom 6-12 år, både erfarne spelarar og nybyrjarar.

– Det er fyste gong me arrangerer handballskule og det er moro at det vart såpass god respons, fortel Oddny Norgaard, som er trenar for jenter 12 i Seljord Handball.

Artikkelen held fram under annonsen.

Norgaard fortel vidare at det er gunstig å leggje eit slikt arrangement til haustferien, med tanke på at det er mange som ikkje har så mykje å gjere eller har foreldre som ikkje har fri.

– Me har opplegg frå klokka 09.00-15.00, og dei får servert frukt og lunsj. Det er fint at ein kan ha noko å tilby i haustferien.

Det er ungdommar som sjølv spelar handball som er instruktørar for deltakarane og dei er til saman 11 instruktørar fordelt på tre dagar. Elias Norgaard Johansen (15) og Saamund Martinsen Heggtveit (15) er samde om at det er moro å vere instruktør på handballskulen.

Givande å lære bort det ein kan: Saamund Martinsen Heggtveit (t.h.) og Elias Norgaard Johansen synest det er givande å kunne lære bort det dei kan om handball til deltakarane.

– Det er moro å vere her og lære bort det ein kan, fortel Elias. Han har sjølv spela handball i 5-6 år.

– Det er sjølvsagt moro, men også litt utfordrande, spesielt det å få dei til å høyre etter er ikkje alltid like enkelt, legg Saamund til.

Henriette Larsen Berg (8) og Høye Klomset Lønnestad (11) fortel at dei trivst på handballskulen.

– Det er veldig moro, fortel Høye som har spela handball i to år.

– Eg kosar meg masse, det er moro å lære nye ting, seier Henriette. Ho er nybyrjar og har spela handball i 1,5 månad. Ho legg til at det er ekstra moro med all leikinga som dei får lov til å drive med undervegs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Moro å lære nye ting: Høye Klomset Lønnestad og Henriette Larsen Berg synest det var moro å delta på handballskulen i Seljord.