Sesongen er over for Magnus Krog. Nå skal han nyte late dagar med skiturar i flott påskevêr heime i Høydalsmo. (Arkiv
Sesongen er over for Magnus Krog. Nå skal han nyte late dagar med skiturar i flott påskevêr heime i Høydalsmo. (Arkiv

Fall frå kongepokalen

Magnus Krog skulle bare ta ut dei siste kreftene i sesongen og sikre sin fyrste kongepokal. Ti meter frå mål sette han staven mellom skia og gjekk på trynet.

Dermed kunne Magnus Moan gli forbi og sikre sin andre kongepokal i karrieren.

– Magnus Krog er den moralske kongepokalvinnaren, men samtidig den største kløna, sa gullvinnaren med eit smil til NRK etter løpet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Krog kom seg på beina til 2. plass, og eit par dagar etter at NM-gullet glapp klarer han å le av det heile.

– Det var meir komisk enn surt, seier han på telefon til VTB på veg heim til Høydalsmo.

– Ein kjem ikkje stort nærare kongepokalen. Den hadde eg veldig lyst på, medgjev han.

28-åringen frå Høydalsmo blei noregsmeister i 2013, men då var det ikkje kongepokal i øvinga.

Sesongens siste stavtak

Kombinertløparane avslutta sesongen med øvinga penalty race. Som vanleg er det hopprenn fyrst. I langrennet er det fellesstart, men løparane får strafferundar utrekna frå hoppinga. Krog, Håvard Klemetsen og Jan Schmid hoppa så godt at dei fekk ingen strafferundar. Magnus Moan fekk ein. Den gjorde han unna raskt og gjekk ut i ryggen på dei som låg i teten.

– Det var eit artig løp med høgt tempo. Eg følte meg bra, seier Krog.

Saman med Moan fekk han ei luke til dei andre på tungt føre i Trondheim. Mot slutten prøva Krog å rykke frå lagkameraten to gonger, men Moan gav seg ikkje. Det gjorde heller ikkje høysekken då Moan gjorde eit siste forsøk.

– Eg var bestemt på å ta i i spurten og kom meg fyrst inn på oppløpet. Eg fekk nokre meter og skulle bare ta dei siste stavtaka i sesongen og bruke opp det siste av krefter. Så gjekk eg på snørra, seier Krog.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sundag gjekk Krog den fyrste etappen for Telemark og Vestfold i lagkonkurransen. Jarle Eikhaug og Håkon Norseng gjekk dei andre etappane for laget som tok ein sterk 4. plass. Det var rett nok langt opp til medalje, men dei hadde god avstand ned til 5. plassen. Sør-Trøndelag med Christian Ingebrigtsen, Jan Schmid og Magnus Moan blei noregsmeistrar.

Øyhopping på Filippinane

No ventar rolege dagar med familien i Høydalsmo, før Krog og kjærasten reiser på 14 dagar ferie til Filippinane.

– Me skal besøke fleire øyar og oppleve meir enn strandlivet. Det gler eg meg til, seier han.

Etter OL-sesongen i fjor var det ein sliten Magnus Krog som tok ferie. Han var utlada og trong tid på å finne motivasjonen att. No er situasjonen ein annan. Sesongen har ikkje svara til forventningane.

– Me har evaluert sesongen og lagt opp ein plan for den neste. Eg er meir motivert enn på lenge og skal slå tilbake, seier 28-åringen.

Sidan det ikkje er nokre meisterskap neste sesong får verdscupen samanlagt all fokus. Det blir konkurransar neste kvar helg gjennom vinteren.

– Eg har vist tidlegare sesongar at eg kan hevde meg samanlagt, seier Krog som både i 2011/2012 og 2013/2014 lenge kjempa i toppen av verdscuplista.