Dedikert: Eivind Gaastjønn har sat seg høge mål i det som blir hans nest siste sesong på juniornivå. Dalen-guten håper på topplasseringar i vinter.

Eivind vil utfordre dei beste juniorane i vinter

Eivind Gaastjønn satsar hardt. Skiskyttaren frå Dalen har sett seg høge mål før sin nest siste sesong på juniornivå.

– Eg håper eg i løpet av vinteren skal vere god nok til å kapre ei topp fem-plassering i norgescuprenn eller junior-NM. Eg har tatt steget og føler ikkje at det er umogleg, sjølv om nivået i den eldste juniorklassen er høgt. Det er fleire av utøvarane på dette alderstrinnet, som er aktuelle for IBU-cupen, eller har junior-VM-ambisjonar denne sesongen, seier Gaastjønn som i helga sesongdebuterte.

Han var ein del av startfeltet i opningsrennet på Sjusjøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eivind var ein av juniorane som fekk dispensasjon til å starte i seniorklassen. Det er ingen juniorklasser i det internasjonale opningsrennet. Derfor måtte han finne seg i å starte saman med seniorane. Gaastjønn som representerer Fyresdal skiskyttarlag, blei nummer 61. Det var ein plass for dårleg til å få gå på sundag. Det var nemleg berre dei 60 beste frå laurdagens renn som kunne ta på seg startnummeret på sundag.

Har tatt fleire steg

Det høyrer dessutan med til historia at han som i år har trent 150 timar meir i perioden frå mai og fram til november, enn same periode i fjor, var uheldig og brakk staven i sesongopninga. Tidstapet var så stort at det heilt sikkert kosta den lokale utøvaren ein startplass på sundag.

Eivind Gaastjønn føler at han har tatt steg fysisk sidan førre sesong. På standplass har han også jobba hardt for å bli betre. Det håpar han å bevise i vinter.

– Skytinga i opningsrennet var brukbar ettersom eg fekk ned åtte av ti blinkar. Eg bør nok opp litt i treffprosent for å kjempe om dei beste plasseringane i noregscuprenna. Det kan vise seg å bli vanskeleg å få topplasseringar utan ni treff, sa Eivind som har ambisjonar om å vere i toppen i vinter.

Gaastjønn er født i 2022, og det inneber at han har både eitt år yngre, eitt år eldre og like gamle konkurrentar.

Tøft å bli blant dei beste

Det seier seg sjølv at det er tøft å bli blant dei ti beste så lenge det er skiskyttarar frå tre forskjellige årstrinn som utgjer 20-22-årsklassen. Fylkets beste i den eldste juniorklassa, var ein av dei beste i landet i 18-årsklassen då landet blei stengt ned på grunn av korona i mars 2020. Eivind skøytet inn til fjerdeplass i junior-NM i Folldal, og det blei sjetteplass i eit norgescuprenn. Han var på veg mot ei god samanlagtplassering då alle renna blei avlyst.

Det året Eivind skulle konkurrere i 19-årsklassen blei både junior-NM og det meste av andre renn avlyst på grunn av epidemien. Førre vinter blei av same grunn amputert. Derfor kryssar Gaastjønn som kombinerer skiskyttarsatsinga og økonomistudium, fingrane for at det skal vere mogleg å få ein vinter utan avlysingar. Sesongoppkøyringa har gått på skinner for han som ikkje har vore sjuk sidan i april. Det har blitt ført mange timar inn i treningsdagboka.

Gjekk med verdas beste

Eivind Gaastjønn fekk i vinterens første og karrierens første seniorrenn, gå i dei same løypene som verdas beste skiskyttarar og nokre av forbilda. Det var inspirerande for han som har eit langsiktig mål om å bli ein god senior.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Du får i renn som dette referansar på seniornivået. Eg blir ikkje skremt sjølv om dei beste både skyt bra og går fort på ski. Det handlar for mitt vedkommande om å jobbe hardt, og samtidig vere tolmodig. Eg har lyst til å teste ut kor god det er mogleg å bli, seier Eivind som i desember skal gå junior-VM-uttakingsrenn på Lygna. Før det vurderer han å bli med på senioranes første norgescuprenn.