Imponerte: Eivind Gaastjønn, Fyresdal skiskyttarlag, gjekk inn til sjette beste til i junior-NM fredag. Foto: Svein Halvor Moe

Eivind imponerte i junior-NM

Eivind Gaastjønn, Fyresdal skiskyttarlag, gjekk inn til sjette beste tid i junior-NM på Dombås fredag.

Han var 1 minutt og ni sekundar bak Emil Hage Streitlien som blei norsk meister i 18-årsklassa. Oscar Andersson frå Sverige blei nummer to, slik at Gaastjønn var femte beste av nordmennene på Dombås.

Hege Kittelsen, IL Dyre Vaa, gjekk inn til 9. plass i seniorklassa som har noregscup på Dombås denne helga.

Halvor Trondson Hove, IL Dyre Vaa, blei nyleg heidra med Vinje kommunes idrettsstipend. Fredag gjekk han inn til ein sterk 15. plass i 18-årsklassa i junior-NM.

Andre vesttelar:

K17: Nora Johanne Nystog, IL Dyre Vaa, 33. plass.

M18: Are Sæther Midtbø, Fyresdal SSL, 32. plass, Sverre Kornmo Enger, Fyresdal SSL, 34. plass.

K18: Guro Ingebjørg Kleiv, IL Dyre Vaa, 20. plass.

K19: Alise Nekstad Grave, Fyresdal SSL, 28. plass, Vilde Aamlid, Fyresdal SSL, 29. plass.