Friidrettstalent: Herman Hogstad Sveinsson er i gang med oppkøyringa på Eventyrøy i Seljord. alle Foto: Øystein Øygarden

Dette er truleg den siste sesongen Herman (18) satsar «åleine»

For femte gong byrjar Herman Hogstad Sveinsson førebuingane til friidrettssesongen ute på Eventyrøy i Seljord. Heilt åleine.

Eller. Heilt åleine er han ikkje.

Trufast ved sida si har han pappa Bent. Båe har tatt store steg sidan Herman bestemte seg for å prøve seg på friidrettsbanen i 2019. Herman som har tatt steget opp i noregstoppen blant juniorar, og Bent, tidlegare mest kjent frå fotballbanen, har blitt ein ganske så habil friidrettstrenar. I tillegg er han ein stor støttespelar for sonen si satsing.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to er ein duo. Herman seier aldri «eg» når han blir intervjua om friidrettssatsinga. Det er alltid «me». Han og faren har stått time etter time på Eventyrøy. Dei har vore der sjølv om gradestokken har vist 15 kalde – og vel vitande om at konkurrentane har dei beste fasilitetane innandørs i friidrettshallar rundt om i Sør-Noreg.

– Han har aldri stått over fordi han ikkje har hatt lyst til å trene, seier far Bent om Herman.

Dei har også fått mykje hjelp og råd på vegen av Rune Wiborg, friidrettstrenaren frå Herkules som har fått fram mange utøvarar. Herman har vore jamleg til Skien for å få rettleiing.

Sjølv om Herman ikkje er heilt åleine dei kalde haust- og vinterkveldane på Eventyrøy, har han ingen å måle krefter mot i treningskvardagen. Det kan det bli ei endring på neste år. Då er Herman ferdig med vidaregåande i Bø. Han ser mot Oslo der det er fleire solide friidrettsklubbar. Kanskje blir det eitt år på toppidrettsfolkehøgskule kombinert med satsinga. Friidrettsforbundet har også fått augo opp for Herman. Det har blitt lagt merke til at han har kome seg til juniortoppen trass i føresetnadene, og forbundet vil bidra til at han kan få innpass i eit treningsmiljø.

Men sjølv om han blir ein del av noko større, er han fast bestemt på å framleis representere Seljord idrettslag på friidrettsbanen.

Medaljeveggen: Herman har ni medaljar frå UM og NM og seks medaljar frå Tyrvingleikane.

Fyrste året som junior

Men førebuingane til sesongen blir i år, som dei fire føregåande åra, heime i Seljord. Komande sesong er Herman eldst i juniorklassa (18–19 år), utan at han trur det blir noko lettare å hevde seg av den grunn. 2005-årgangen blir rekna som svært sterk og fleire av utøvarane held alt nå eit høgare nivå enn Herman og andre i 2004-årgangen. Dei som er jamaldrande med Herman har dessutan også tatt store steg i sesongen som blei avslutta for eit par månader sidan.

Herman har gjort unna sin fyrste sesong på juniornivå. I dei tidlegare sesongane var det naturleg å kjempe om dei øvste plassane, for det var der nivået låg. Med tøffare konkurranse blei det naturleg å senke skuldrene og fokusere på å bli ein betre sprintar. Denne sesongen har det handla mest om Herman og klokka – og om eiga utvikling. Tidsmessig har han forbetra seg meir denne sesongen enn han gjorde i 2021-sesongen.

– Det er mange som er betre enn meg og eg trur det har vore sunt å måtte kjempe for ein finaleplass, og vera fornøgd om eg klarer det, seier Herman.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han tok likevel medalje i UM i august og blei nummer fem i junior-NM. Båe gonger var det på 200 meter. Dermed blei det ei solid avslutning på ein sesong som også blei prega av sjukdom.

Herman starta sesongen med å springe 100 meter på 11 blank og 200 meter på 22.07. Rett nok i litt for sterk vind til at resultatet blei godkjent. Offisielt fekk han godkjent 11.07 på Grorudleikane i mai. Han imponerte så under Tyrvingleikane. Alt låg til rette for vidare framgang. Herman skulle delta i verdas største stemne for barn og unge i Göteborg, men korona sette ein stoppar for det.

– Eg hadde korona i kroppen då eg sprang Tyrving. Eg kjente eg mangla overskot, seier Herman.

Store delar av Seljord-troppen som reiste på stemnet kom heim med viruset. Herman vart ikkje hardt råka, men han måtte halde seg heilt unna trening i tre veker. Deretter var det tre veker på å kome i gjenge att – før det var rett til UM, der han sette pers på 200 meter med tida 22.33, og deretter junior-NM.

Meir styrke

Før den komande sesongen har Herman auka fokuset på styrke – frå ei til to økter i veka. Det har vore eit bevist val å vente med det til nå. Herman håpar styrketreninga kan slå heldig ut på friidrettsbanen. Totalt har han fem økter i veka, i tillegg til trening med skuleklassa. To dagar er sett av til restitusjon.

Herman innrømmer at det hadde vore gøy å sett 10-talet på 100 meter komande sesong. Då må han få til ein betre start. For mot slutten av løpet er det få som kan hamle opp med den høgreiste 18-åringen frå Seljord.

For pappa Bent blir det også spesielt når sonen flyttar ut og etter planen blir ein del av eit større miljø. Det har vore dei to på Eventyrøy. Det har gjeve ni medaljar i UM og NM og seks medaljar i Tyrvingleikane.

– Det blir litt vemodig, innrømmer Bent, som ikkje ser bort frå i framtida å rettleie nye seljordingar som ynskjer å prøve seg på friidrettsbanen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Duo: Herman seier aldri «eg» om friidrettsatsinga. Det er «me» – han og pappa Bent Sveinsson.
Pokalar: Herman er Telemarks beste mannlege sprintar om dagen.