Foto: Hans Inge Hagen

100 spelarar frå åtte klubbar på cup i Seljord

Kviteseid, Seljord og Vinje gjekk til topps i Sparebanken Din-cupen i Seljord sundag.

Det var påmelde lag i klassene G14, G16 og J15. Totalt 100 spelarar fordelt på åtte lag deltok.

I G14-klassa var det lag frå Kviteseid, Fyresdal og Åmdal/Tokke med. I J15-klassa stilte Seljord, Åmdal-Tokke og Vinje. G16-enda til slutt opp med berre to lag; Seljord og Vinje. Her blei det ein eigen vri med to kampar på 40 minuttar. Vinje vann den fyrste kampen 1-0. Den andre enda 1-1 – dermed kunne Vinje G16 reise heim med pokalen.

G16: Vinje vann klassa. Foto: Hans Inge Hagen

I G14- og J15-klassa var det tre lag i kvar klasse. Dei spela ein dobbeltserie der laga møttest to gonger. Totalt fire kampar. Dei to beste i gruppa gjekk til finalen.

I G14-finalen blei det Kviteseid og Fyresdal som møttest. Kviteseid gjekk av med sigeren og vann 3-2.

G14: Kviteseid vann klassa. Foto: Hans Inge Hagen

I J15-finalen møttest Seljord og Åmdal/Tokke. Dette blei ein veldig jamn og spennande kamp. Det stod 2-2 til full tid. Det blei då ekstraomgangar på 2x5 min med Sudden death (fyrste lag som scorar vinn). Det blei spela i 3 min før Seljord avgjorde finalen.

J15: Heimsiger for Seljord. Foto: Hans Inge Hagen

– Fotballgruppa vil takke alle som deltok, hjelpte til og kom for å sjå på kampane i det strålande været som var i dag, seier Arve Myrvang i fotballgruppa i Seljord.